Kyrkjemusikk er viktig, meiner me i kyrkjelyden. Difor har me også eit godt utval av ulike kor i kyrkja.
YA Vokal er eit kor for unge vaksne, opp mot 60 år. Me deltar på nokre gudstenester, men tar òg andre oppdrag. Me har eit stort og variert repertoar. Ta kontakt med dirigent/kantor Bjørn Bergmann for prøvesong. Me øver i kyrkja kvar torsdag, kl 19-21.30.
Arna/Ytre Arna kyrkjekor er eit kor for alle som ynskjer å synge. Dirigent er kantor i Arna kyrkje, Olav Arne Steinkopf. Dei øver i Arna kyrkjestove, kvar torsdag kl.16.30-18.30.