Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Babettes gjestebod på kyrkjeturne

Karen Blixens novelle Babettes gjestebod er kjend som ei forteljing om menneskeleg toleranse. Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska og den set vårt syn om utanforskap i eit granskande lys.

Prostedøtrene   Mathilde  og  Phillipa  er  leiande  i  ein  pietistisk  kyrkjelyd  i  Berlevåg.  Men  kyrkjelyden  har  mista  mykje  av  den  krafta  den  ein  gong  hadde  og  er  prega  av  alderdom  og  inngrodde  konfliktar.  Ei  fransk  kvinne,  Babette,  flyktar  frå  dei  fryktelege  krigshandlingane  i  Paris  i  1871  og  får  arbeid  som  tenestejente  hos  søstrene.  Ho  tener  dei  trufast  i  fjorten  år.  Då  vinn  ho  i  eit  stort  lotteri  og  inviterer  kyrkjelyden  i  Berlevåg  på  eit  gedigent  fransk  måltid  som  overgår  all  fantasi  og  som  forløyser  både  innstengde  kjensler,  gamle  motsetnader  og  djup  livsglede.

Det  å  gjere  det  gode  for  kvarandre  og  gje  av  dei  gåvene  ein  har,  oppsummerar  Babettes  oppleving  av  meining  i  livet. Når  Hordaland  Teater  vil  ta  dette  materialet  til  scenen,  er  det  fordi  vi  trur  denne  historia  treff  oss  i  dag.  At  ein  så  erfaren  og  utrykksfull  skodespelar  som  Ragnhild  Gudbrandsen  skal  formidle  denne  historia,  gjev  oss  tru  på  at  publikum  kan  vente  seg  ei  sterk  teateroppleving  som  vil  stimulere  til  refleksjon  og  glede. Stig  Amdam  har  regi  på  denne  inderlege  monologframsyninga,  og  saman  med  Bjørgvin  bispedøme  inviterer  Hordaland  Teater  deg  til  kunstnarleg  gjestebod.

Omtala er henta fra Hordaland Teater.