Bergen domkor på turne

Bergen Domkor framfører musikk frå "Messe for dobbelt kor" av sveitsiske Frank Martin, og utdrag frå det store "Vesper" av russiske Sergej Rachmaninov i Askvoll kyrkje.

Martin komponerte største delar av messa for akkurat 100 år sidan, men det tok over 40 år før den vart framført fyrste gong. Komponisten var nemlig usikker på om noko kor på den tida ville framføre det berre på grunn av "den estetiske verdien". For han var verket ei sak mellom seg og Gud. No er vi svært glade for at musikken ikkje vart liggande i ei skuff - messa er rekna som noko av det aller fremste som er skrive for kor acappella. 

Vinteren 1915 komponerte Sergej Rachmaninov "Vesper" eller på engelsk "All-Night Vigil", på under to veker. Det storslagne verket for acapella kor er beskrive som eit av av dei vakraste frå den russisk ortodokse kyrkjemusikken, og dessutan som eit av komponisten sine beste stykker, noko han også sjølv var enig i. Verket hentar tekstene fra dei ortodokse og bysantinske tidebønnene, og Rachmaninov målar dei ut med stor variasjon, inderlighet, med sin romantiske signatur. 

Meir om billettar finn du på Askvoll si side.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"