Ledig stilling som kyrkjemusiker

Nord-Fron kyrkjelege fellesråd har ledig 100% fast stilling som kyrkjemusiker. Søknadsfrist 15.02.2021. Tiltredelse snarast.

Nord-Fron kommune har ca. 5700 innbyggjarar, høyrer inn under Nord-Gudbransdal prosti og ligg ca. 8 mil nord for Lillehammer i naturskjønne område. I kommunen er det 4 kyrkjer og 2 kapell. Kyrkja har også gudstenester og andakter på Sundheim Bo- og treningssenter. Nord-Fron kommune har eit rikt musikk- og kulturmiljø.
Kommunesenteret Vinstra er eit viktig handels- og næringssenter som er godt utbygd med barnehagar, barneskolar, ungdomsskole, kulturskole og vidaregåande skole/kompetansesenter.


Arbeidsoppgåver:
• Førebuing og gjennomføring av gudstenester/kyrkjelege handlingar og anna musikalsk verksemd i sokna, i samarbeid med prest og øvrig personale.
• Deltaking i konfirmant- og trusopplæring.
• Inspirere til eit variert og bredt musikalsk uttrykk, og vidareutvikle song- og musikklivet som ein del av arbeidet med å bygge menighet.
• Andre arbeidsoppgåver kan vere aktuelle etter avtale med kyrkjeverje.

Kvalifikasjonar:
• Det er ønskjeleg med bachelor innan musikk, menighet og leiing.
• Andre med annan relevant utdanning/bakgrunn er velkomen til å søkje.
• Søkjer må ha førarkort minimum klasse B, då tenestestadene strekkjer seg over eit større område. Kjøregodtgjersle etter Statens reglement.
• Den som blir tilsett, må vere medlem av Den norske kyrkja og ha engasjement og interesse for arbeidet.
• Politiattest må leggjast fram før tiltreding.
• Beherske norsk skriftleg og munnleg.
• Det er ønskjeleg med erfaring frå korverksemd.

Personlege eigenskapar:
• Fleksibilitet og gode samarbeidsevner.
• Du må kunne arbeide strukturert, åleine, og i samarbeid med kollegiet og friviljuge.
• Du må trivast med så vel born og ungdom, som med godt vaksne og eldre.
• Du må kunne ta initiativ, vere kreativ og strukturert.
• Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:
• Varierte arbeidsoppgåver og innverknad på eigen arbeidssituasjon
• Godt arbeidsmiljø som byggjer på tryggleik og trivsel
• Stillinga er løna etter KA si tariffavtale, lønsgruppe 3, for tida 381.900 – 456.100.
• Medlemsskap i KLP
• Kontorfellesskap på kyrkjekontoret i Nedregata 54 på Vinstra
• Oppstart etter nærare avtale, men det er ynskjeleg med snarast mogleg tiltreing.

Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort.

SØKNADSFRIST: 15.02.2021.

Ved nærare opplysingar om stillinga, ta kontakt med kyrkjeverje Torbjørn Sakariassen, tlf 61 21 62 92.
Søknad med CV og attestar sendast til torbjorn.sakariassen@nord-fron.kommune.no

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Nord-Fron kyrkjelege fellesråd

Postadresse:

Nedregata 50, 2640 Vinstra

Beøksadresse:

Nedregata 54, 2640 Vinstra

Telefon:

61216290

E-post:

grete.bakken@nord-fron.kommune.no 

Kontortid: 09.00-13.00 (mån-fre) Eller etter avtale.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"