Kvam kyrkje

Kyrkja som er på Kvam i dag, vart bygd etter krigen på tufta av den gamle, sto ferdig i 1952. Ho vart vigsla 12. oktober.

Kvam kyrkje sommer 2022

Den fyrste kyrkja vi veit om i Kvam var den gamle stavkyrkja ved Vik. Ho er omtale i stiftsboka 1574-77, men det er ikkje kjend når ho vart bygd. Etter kvart vart ho for lita for folketalet, og ein meiner ho vart rivi i 1776 eller noko seinare. Ved sida av nokre stokkar og ei dør er det berre gravsteinen til Georg Sinclair som finst att av synlege minne om kyrkja ved Vik.

I åra 1775-77 vart det timra ei ny kyrkje i Kvam ca. 1,5 km lenger nord. Under krigshandlingane 26. april 1940 brann denne ned. Det som finst att nå er den minste kyrkjeklokka, det smidde spiret og ei inngangsdør.

Den nye kyrkja som vart bygd etter krigen på tufta av den gamle, sto ferdig i 1952. Ho vart vigsla 12. oktober. Arkitekten var Magnus Poulsson. Byggmeister var Anders Haverstad.

Edvard Bakkom frå Lalm skar biletskurden i altartavla og dei andre skulpturane.
Mathias Fjerdingren og Anders Johnsgard frå Heidal skar preikestolen og all utskurd elles. Takmålinga over midtskipet er av Arve Hagen frå Tretten, medan Magnus Poulsson måla akantusutsmykkinga ved trappeoppgangane til galleria. Målararbeidet ellers vart gjort av Karl Krog frå Oslo og Trygve Slåen frå Kvam.
Smiarbeidet både på dørene og spiret vart gjort av Sigurd Kloppen frå Sjoa. Dei to kyrkjeklokkene er støypte av Olsen Nauen.

Kvam kyrkje har plass til 450 kyrkjefolk

"Her frå Herrens eige hus,
reist på ny or brann og grus,
helsar klokkeklangen
kyrkjefolk på vangen.

Veit du ikkje mål og med,
her er livsens von og fred.
Her finst sjelehelse.
Her finst trøyst og frelse."
– Einar Hovdhaugen og N. Ringdal.
Inskripsjon på kirkens klokker

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"