Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Hels på vår nye kyrkjemusikar

Det låg i korta at Thomas Myrås skulle bli organist.

Faren, Asbjørn Myrås, var domorganist i Stavanger frå 1982 til 2006. Han tilhøyrde den generasjon organistar som sjeldan spelte piano. Thomas, derimot, hadde alt spelt piano i fem år då han som 11-åring fekk prøva seg på orgel. På den tida budde familien i Fredrikstad, og faren gav han fort oppgåver på gudstenester, som å spela til takkoffer og postludium.
Han vaks opp med Grieg og fransk impresjonisme, representert ved Ravel og Debussy. I løpet av ungdomsåra i Stavanger introduserte faren han for jazzmusikk. Der fann Thomas harmoniar som han gjerne lånar litt frå i sitt virke som kyrkjemusikar.

– Grieg og Ravel brukar noko av den same harmonikken som ein finn i jazzen, fortel han, og nemner nokre typiske døme på akkord-kombinasjonar medan han ”spelar” dei med fingrane i lause lufta.

Den unge Myrås fekk si fyrste organiststilling som 14-åring, i Metodistkyrkja i Sandnes, der han spelte fram til han 19 år gamal drog til Oslo for kyrkjemusikkstudier ved Musikkhøgskulen.

Det er ingen tvil om at Thomas er ein kompetent kyrkjemusikar. Eg møter han på ein kafe i Sandnes, og i løpet av samtalen kjem han med fleire musikalske utgreiingar som for ein amatørmusikar er interessante, men som det ikkje er tenleg å vidareformidla her. Me andre
får nok høve til å læra mykje i tida som kjem!

Etter ti år som kyrkjemusikar i Varhaug, Bekkefaret og Tjensvoll og pianist ved Steinerskolen i Stavanger var han komen litt til vegs ende med musisering, og fekk behov for å gjera noko anna.

Kanskje hadde forventninga om at han skulle ta opp arva etter faren vore for sterk i valet av yrke?

– Det mest nærliggjande på det tidspunktet vart å studera naturmedisin. Det var ei interesse eg hadde hatt lenge, fortel han. Med entusiasme for den naturmedisinske tankegangen gjekk han i gang med ei treårig utdanning som enda opp i godkjenning som «heilpraktiker». Det er tittelen på ein naturterapeut som i Tyskland er godkjend av styresmaktene til å ta imot pasientar i eigen praksis.

– Etter ei kort tid med terapeutisk praksis i ein periode med ein generell nedgang i tilstrøyminga av pasientar synte det seg at praksisen ikkje vart bærande økonomisk.

– I 2009 hadde eg eit uhell og brekte lillefingeren på venstre hand, fortel Thomas. Då eg fekk tilbod om ein IT-jobb på Steinerskolen på Nordstrand slutta eg å praktisera som musikar.

– Eg møtte Vibeke gjennom felles kjente, me gifta oss i 1996 og har tre barn saman; Filip (21), Teodora (17) og Hugo (14), som vart konfirmert no i vår. Vibeke jobbar med risiko- og kvalitetsstyring, og dei siste åra har ho og Thomas drive eit selskap saman, frå Spania. Thomas har hatt ansvar for IT og økonomi, men no har dei lagt om drifta og flytta heim.

Eg spør korfor han no vil bli musikar på heiltid att.
– Det ligg i blodet! ”Jeg vil inn en dør jeg ville ut av før”, siterer han frå ei poplåt. Noko har modnast og noko har endra seg, og eg lengtar attende til ein jobb der eg får brukt meir emosjonelle sider av meg sjølv, til å skapa noko.

Myrås har mange tankar om kyrkjemusikk og liturgi, og respekt for dei ulike sjangarane. Han fortel om den skandinavisk-tyske klassiske kyrkjemusikktradisjonen som rådde grunnen i Den norske kyrkja fram til 70-talet, då mellom anna Ten Sing-rørsla kom med påverknad frå USA. Det vart ikkje godt motteke i dei høgkyrkjelege, klassiske miljøa, men omfamna av ein del frikyrkje- og bedehusmiljø. I Riska har me ei god blanding av både tradisjonelle salmar og liturgi samt nyare songar og liturgiske ledd. Thomas gler seg til å vera med på dette og til å samarbeida med frivillige musikarar og songarar.

Frå mandag 13. mai er Thomas Myrås vår kyrkjemusikar i Riska, og på gudstenesta den 19. mai vart han presentert for kyrkjelyden og me fekk høyra han spela. Det vart ei flott gudsteneste og me ser fram til å ha han ved tangentane vidare. Thomas vart ynskt velkomen med helsing, forbøn og blomar, og me tar godt imot han!

Kontaktinformasjon for Riska menighet

Riska kirke ligger i sentralt på Hommersåk

Kontoradresse:

Riska menighetskontor

Amboltveien 2, 4310 Hommersåk 

Kontaktinformasjon:

www.kirken.no/riska

riska@sandnes.kirken.no

Tlf.  489 97 119
Tirsdag 10:00 - 13:00
Torsdag 09:30 - 11:00

Vipps: 121476

Gjevarkonto: 3260.14.33094

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"