Vandringa startar ved Olavskjelda som ligg ved Breidablikk ovanfor Bagn. Her vil deltakarane få høyre historia om kjelda før vi går den seks kilometer lange strekningen langs den gamle Kongevegen fram mot Leirskogen kyrkje. Vel framme vil det bli enkel servering før det blir konsert i kyrkja med tittelen «Som en kilde klar og ren»
Vandringa vil gå delvis i skogen, delvis langs vegen. Det er mogeleg å bli med på deler av vandringa. I samband med jubileet har ein dugnadsgjeng på Leirskogen rydda og merka deler av vegen. Det vil bli sett opp nye skilt og ei informasjonstavle ved vegen opp til Olavskjelda. Nye krakkar og bord vil og vera på plass i løpet av våren.
PROGRAM:
Kl. 16.00:Kongeveg-vandring frå Olavskjelda på Breidablikk til Leirskogen kyrkje. Song og fortellingar undervegs. Matservering på kyrkjebakken når vandrarane har kome fram.
Kl. 19.30: «Som en kilde klar og ren» - Kjeldekonsert i Leirskogen kyrkje. Kantor Anders Løberg, trompetist Ole Kristian Nyhagen og fleire deltek.
Vi håper at mange vil bli med oss denne dagen.
Arrangørar er Sør-Aurdal Historielag, Leirskogen Sokneråd og Dugnadsgjengen på Leirskogen.
Tekst og bilder: Åse Østgård Hagen