Ulekyrkjetomta

(Ule-kyrkja), også kjent som Bagn stavkyrkje, var ei stavkyrkje med heva midtrom (mastestavkyrkje) som stod i bygda Østre Bagn i Sør-Aurdal kommune, Oppland.

Ulekyrkja er ei av dei mange hundre tapte stavkyrkjene her i landet. Restar av ein portal er tekne vare på, og er no på Nationalmuseet i København. Eit diplom frå 1375 blir «Bagns kirkiu sookn a Waldræs» omtala. Elles er lite kjent om kyrkja utover nokre sporadiske skriftlege kjelder. Det er heller ikkje kjent når kyrkja vart riven. Ifølgje Bagn kirkes historie (1968) var det truleg rundt 1700, men eit kapell som kan ha vore denne kyrkja blir omtala så seint som i 1796.
Delar av kyrkjegardsmuren skal ha eksistert rundt 1840, men det vart pløyd i området rundt 1860, og det finst ingen synlege rester etter tufta i dag.

Det er satt opp ein minnestein og ein enkel trekross på staden, og det går ein merkt sti inn til området frå fylkesveg 219. På minnesteinen er følgende inngravert: Her lyt ein trå varsomt, her er heilag grunn.

Kontaktinformasjon for Sør-Aurdal kirkelige fellesråd

Besøksadresse:
Tingvollbakkin 9. 
Kirkekontoret ligger i u-etasjen på kommunehuset i Bagn.

Postadresse:
Tingvollbakkin 15, 2930 BAGN

E-post:post.sor-aurdal@kirken.no.
Telefon: 61348580 
Telefon- og besøkstid: 
Alle hverdager kl. 09-15