Diakoniarbeidar 50% stilling i Norddal og Stordal sokn - søknadsfrist 25.08.18

Vår ungdoms- og diakoniarbeidar sluttar og vi treng ny medarbeidar i 50 % stilling så snart råd er etter 01.08.18. Stillinga får nytt arbeidsområde og ny tittel. Vi søkjer difor etter ein diakoniarbeidar i to sokn: Norddal og Stordal, som følger kommunegrensene. Er du glad i å møte andre menneske, interessert i kyrkja sitt arbeid for menneske i alle aldrar og livsfasar, og kan formidle kristen tru og bibelforteljingar til barn og unge, så er dette ein jobb for deg.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie diakonitenesta i Norddal og Stordal, og ha det overordna ansvaret for at arbeidet fylgjer diakoniplanane i sokna og i Den norske kyrkja. 
  • Besøksteneste og institusjonsandakter. 
  • Rekruttering og oppfølging av frivillige i kyrkjelydane
  • Vere ein aktiv pådrivar i trusopplæring/undervisningsarbeid i kyrkjelydane Norddal og Stordal, med hovudvekt på aldersstega 0 – 13 år, i samarbeid med trusopplærar
  • Tilrettelegging for personar med særskilte behov
  • Ha kontakt med andre organisasjonar og barne-og ungdomsgrupper
  • Tilrettelegge og delta på særskilde gudstenester i samarbeid med presten. 
  • Administrere eige arbeid samt følgje opp planar lokalt i samarbeid med andre tilsette.

Kompetanse:

  • Det er ein fordel med utdanning som diakon eller kyrkjelydspedagog, men vi godtek også anna relevant kompetanse. 
  • Dine personlege eigenskapar vert lagt vekt på, og særleg di evne til å møte menneske, arbeide sjølvstendig, samarbeide og vere fleksibel.
  • Du må meistre dataverktøyet
  • Ha førarkort og disponere eigen bil, 
  • Du må vere medlem av Den norske kyrkje, og kunne legge fram politiattest på oppfordring, jf. Kirkelova § 29

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver 
  • Trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø 
  • Løn etter KA sin tariffavtale og god pensjonsordning i KLP
  • Fordelar av å jobbe i IA-bedrift
  • Kontorplass ved kyrkjekontora i Valldal og i Stordal
  • Stabsfellesskap i storstab med Stranda og med resten av fellesrådsområdet

Har du spørsmål om stillinga så kontakt kyrkjeverje Petra Riste Synnes, tlf 40441527 eller Magne Eivind Glomnes, rådgjevar, tlf 40441528

Søknadsfrist:25.08.2018

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"