Ledig stilling: Kyrkjelydspedag / kateket inntil 100% frå 1.september 2019.

Kyrkjelydspedagogen/kateketen vil få ansvar for trusopplæringsarbeidet i alle sokna i fellesrådet sitt område etter vedteken trusopplæringsplan. Dei fleste av tiltaka vert utførde i kyrkjene og i nært samarbeid med den andre kyrkjelydspedagogen og med sokneprest. Stillinga er fleksibel og du får stor fridom til å planleggje arbeidstida di sjølve.

Ledig stilling: Kyrkjelydspedag / kateket inntil 100% frå 1.september 2019.
Arbeidsoppgåver
  • Leie og gjennomføre ulike trusopplæringstiltak for aldersgruppa 0-13 år 
  • I samarbeid med den andre kyrkjelydspedagogen og frivillige i sokna vidareutvikle trusopplæringsarbeidet for alle i alderen 0-18 år. 
  • I samarbeid med stab bidra inn i det øvrige kyrkjelydsarbeidet for born og unge. 
Kvalifikasjonar
  • Utdanning som kyrkjelydspedagog eller kateket. 
  • Søkjarar med utdanning innan kristendom, teologi, pedagogikk og med relevant praksis, vil også verte vurderte. 
  • Erfaring med kyrkjeleg arbeid for barn og ungdom.
  • Erfaring med å bruke IT-verktøy og sosiale mediar i arbeidet.
  • Må beherske norsk skriftleg og muntleg. Administrasjonsspråket er nynorsk.
  • Den som vert tilsett, skal framlegge tilfredsstillande politiattest etter Kyrkjelova § 29. 
  • Du må vere medlem av Den norske kyrkje. 
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde 
Personlige eigenskapar
  • Hjarte for barn og unge 
  • God formidlingsevne og ønske om å formidle bodskapen om Jesus til barn og unge 
  • God evne til å planlegge og drifte ulike aktivitetar og tiltak 
  • God relasjonsbygger 
  • Kreativ og nyskapande 
  • God evne til å arbeide sjølvstendig og under leiing/ rettleiing i team 
Vi tilbyr
  • Ein god og triveleg arbeidsplass og samarbeid i team. 
  • Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med høve til fagleg og personleg utvikling 
  • Tilsetting etter formelle kvalifikasjonar i kyrkjeleg undervisningsstilling 
  • Løn etter KAs tariffavtale, god pensjonsordning i KLP

 

Anna: 

  • Tilsettinga skjer med Storfjorden kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar, og med sokna i Stordal, Norddal og Stranda kommunar som arbeidsområde. 
  • Kontorstad Stranda kyrkjekontor. 
  • Du må trivast med ein del kvelds- og helgejobbing, plusstid avspasserast etter avtale 
  • Du kan verte pålagt av arbeidsgjevar å ta utdanning /kurs / fagleg oppdateringar om du manglar formell utdanning.
  • Oppgje 3 referansar i søknaden.
  • Oppstart etter avtale etter 01.09.19.

Søknadsfrist 20.06.2019.

Viser også til ledige prestestillingar i Storfjorden www.kirkejobb.no

Petra Riste Synnes
Kyrkjeverje
40441527
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"