Den danske hornisten Berit Sørensen vitjar Geiranger kyrkje med eit variert program som spenner frå filmmusikk via viser og kjende songar til nyskriven musikk for horn og orgel. Eit vakkert og spennande program med noko for einkvar. Konserten finn stad i Geiranger kyrkje søndag 25. juni kl 21, og det er gratis inngang.
Edvard Grieg er representert med "Våren" og den nydelege "Takk", Ketil Bjørnstad si klassiske vise "Sommernatt ved fjorden" er sjølvsagt med og ho har også med seg viser frå sitt heimlege Danmark. Frå Sverige kjem musikk av Lars-Erik Larsson (komponisten bak Norge i rødt, hvitt og blått) og frå Tyskland eit stykke for horn og orgel av Hans André Stamm. Carolin Eide akkompagnerer på piano og orgel.
Konserten finn stad i Geiranger kyrkje søndag 25. juni kl 21, og det er gratis inngang.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.