Organist / kyrkjelydsmusikar i 50% fast stilling.

Storfjorden kyrkjelege fellesråd søkjer etter Organist / kyrkjelydsmusikar i 50% fast stilling.

Hovudoppgåvene blir å spele til gudstenester og kyrkjelege handlingar i fellesrådsområdet, med hovudvekt i Stranda og Stordal sokn. Det bur mange dyktige musikarar og songarar i kyrkjelydane som ein kan samarbeide med.

Storfjorden kyrkjelege fellesråd sitt område er bygdene i Stranda og Fjord kommunar, kjend for den ville og flotte naturen, dei mange historiske fjellgardane, lokalsamfunn med varierte aktivitetar og merkevarer, turistbygda Geiranger, Stordal og Stranda med sine ski- og alpinanlegg. Alle bygdene og sokna har sitt særpreg, og innbyggjarane bidreg med stort engasjement og frivillig arbeid. Storfjorden kyrkjelege fellesråd består av 6 sokn med om lag 7000 innbyggjarar. Det vil vere om lag 10 årsverk fordelte på 18 personar i fellesrådet, og 3 prestar. Fellesrådet sitt hovudkontor ligg på Stranda

Arbeidsoppgaver

  • Teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar.
  • I samarbeid med staben og frivillige medarbeidarar delta i annan kyrkjemusikalsk verksemd i
    kyrkjelydane, m.a. konsertar, jule- og påskevandringar, trusopplæringstiltak, kor, fellesskapssamlingar og
    stabsmøter.
  • I samarbeid med våre to kantorar bidra til eit variert og allsidig song- og musikkliv i kyrkjelydane, i
    samsvar med råda sine gjeldande mål og planar.
Kvalifikasjoner
  • Vi ynskjer ein person med godkjend kantorutdanning i hht tenesteordning for kantorar, eller med anna
    relevant utdanning / erfaring innan kyrkjemusikk.
  • Må beherske ulike musikksjangrar. Ynskjeleg med erfaring frå kor- og konsertarbeid, samt arbeid med
    born og unge.
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja og disponere eigen bil.
Personlige egenskaper
  • Vi ynskjer ein allsidig musikar som kan bidra inn i det kyrkjebyggande arbeidet
  • Du må kunne arbeide godt sjølvstendig og i samarbeid med andre.
  • Politiattest må kunne framleggast i henhald til Trussamfunnslova §20
Vi tilbyr
  • Ein god og triveleg arbeidsplass med kontor i Stranda kyrkjekontor
  • Godt fellesskap og samarbeid med frivillige, sokneråd og lag i bygdene.
  • Tilsetjingsvilkår og løn etter gjeldande tariff og avtalar.
  • God pensjonsordning i KLP
  • Tiltreding snarleg eller 01.01.2023

 

Kontaktinformasjon:

Petra Riste Synnes, Kyrkjeverje

Mobil 91519869
 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"