Søndag 19.juni var dagen diverre komen for å takke "danskene våre", Ellen Karberg, Laura og Jakob Højlund for den gode tenesta dei har utført i sokna her kring Storfjorden.
I løpet av søndagen hadde mange møtt frem i Stordal, Liabygda og Stranda for å takke dei tre vi har har vore så heldige å hatt hos oss i to år. Det er vemodig å seie farvel til gode kollegaer og venner, men vi er takksame for tida vi fekk ha dei her og alt vi kjekt vi har fått gjort til saman i gudstenestar, trusopplæringa, og alt anna dei har berika sokna og staben vår med dei to siste åra.
Guds velsignelse på vegen videre i Rauma og i Danmark.
Bilete frå gudstenesta i Stranda kyrkje følger under.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.