Strikkeglade over heile Noreg vert no utfordra til å skape Hauge-sokken i Hauge-året 2021.
haugesminde.no:
Vi inviterer med dette alle strikkeglade til å delta i strikkekonkurranse i samband med 250-årsmarkeringa for Hans Nielsen Hauge.
Vi ønskjer å få fram Hauge-sokken som eit symbol på arven etter Hans Nielsen Hauge, korleis han kombinerte «ande og hand»,
og som eit symbol på vår felles vandring gjennom livet som menneske. I storm og stille, i sol og regn, med uro og fred.