Dåpssamtale

Alle som skal bli døypte må vere med på dåpssamtale før dåpen. Her får vi ei kort innføring i det som skjer i dåpsgudstensta, kva som dåpen betyr for oss kristne og korleis det praktiske rundt dåpshandlinga skjer. Dåpssamtalen skjer som regel saman med andre foreldre med dåpsbarn og skal skje minst ein månad før dåpen.

Namn til dåpsbarn og namn på fadrane må vere avklart før dåpssamtalen (møtet med presten) som er ei tid i førekant av dåpen. Ta også med fødselsattest til dåpssamtalen, då vi treng fødsels- og personnummer for å registrere barnet til dåp.

Ved å fylle ut skjemaet samtykker du at data som er samla inn vil bli lagra og brukt i samanheng med dåpen og trusopplæring for det døypte barnet. Dei innsamla data vil ikkje bli brukt i andre samanheng.

Ved drop-in-dåp skjer dåpssamtalen rett i forkant av dåpshandlinga.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"