Jørgen Skogestad Kleiven har vore kapellan i Ulstein i fire år. Med takksemd og mange gode minner ser vi tilbake.
Kyrkjelyden tok avskjed med han på gudsteneste 27.09. med kyrkjekaffi etterpå. Det gjekk ikkje heilt utan tårer – for vi har blitt veldig glade i Jørgen og han og familien har likt seg godt her. Vi er takknemlig for alt han har bidratt med, og ønskjer han alt godt for prestetenesta i Bergens-området.
Matias Austrheim, tidl. sokneprest i Ørsta skal vere vikar for soknepresten her i Ulstein fram mot nyttår. Vi ønskjer han hjarteleg velkomen!
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.