Denne gongen er det 2 pianosonatar frå Beethoven sin "mellomperiode", der han på fleire måtar går utanom, eller "utvider" sonatesatsformen. Denne gongen får vi høyre d-moll sonaten, den såkalte "Stormen", og den einaste pianosonaten der Beethoven ikkje brukar sonatesatsformen i det heile tatt.
Desse sonatane har fleire linkar til Johan Sebastian Bach. Det er difor heilt på sin plass å også ha nokre orgelkoralar av han med på denne konserten. Denne gongen påskekoralane frå "Orgelbüchlein. Dette er jublande musikk som feirar Jesu oppstode frå dei døde.
Det er fri entre, men høve til gåve via vipps (vi har framleis noko igjen på nedbetaling av pianoet)
Vi må framleis setje eit tak på 50 besøkjande i kyrkja - dersom du vil vere knallsikker på at du får plass - meld deg på her