Gravferd og kyrkjeleg nærvær i Covid-19 tider

Vi lever i ei utfordrande tid med isolasjon som følge av nasjonale tiltak for å hindre utbreiing av Covid-19 viruset. Kyrkja har som mange andre samfunnsinstitusjonar dei to siste vekene arbeidd intenst med omstilling til digitale felleskap og utarbeiding av retningsliner og forsvarleg praksis rundt kyrkjelege handlingar.

Gravferd og kyrkjeleg nærvær i Covid-19 tider

For sjølv om Noreg vert drive frå heimekontor stoppar ikkje livets gang. Kyrkja si dør er open for kyrkjelege handlingar og især grafverdsforvalting. Å miste nokon til døden er ei stor påkjenning. Ritual hjelper i sorgprosessen og skaper tryggleik og trøyst i ein sårbar situasjon. Her på øya har vi god tradisjon for å syne omsorg ved å delta i gravferd og gje blomar til takk og trøyst. Høvet til store gravferder er frårive oss i denne tida. Det er ei sorg for oss, og ei ekstra belastning for dei som mister eit kjært familiemedlem. Men sjølv om store gravferder er umoglege, er rituala framleis viktig for å bringe den indre og ytre verkelegheit saman til ein realitet som gjev hjelp for ein normalt sorgarbeid. Dette er framleis mogleg i pandemiens tidsalder.

Kyrkja utfører framleis gravferd, og dei nærmaste vil kunne ta avskil i verdige seremoniar. Vi følger nasjonale retningsliner med 50 stk som grense i store offentlege rom i samråd med kommunelegen si tilråding til ei kvar tid. Når familien har funne ut kor mange som er dei nærmaste, konsulterast kommunelegen i kvart tilfelle.  Vi har no klare desinfiserings- og reingjeringsprosedyrer i kyrkja og på kyrkjegarden, og på begge stader gjer det mogleg å vere 2 meter ifrå kvarandre. Sjukeheimskapellet vert ikkje brukt pga smittefare. Sørgesamtaler vert på skype eller telefon, attestar vert sendt elektronisk, og vi brukar ikkje salmebøker. Vi kan ikkje klemme og handhelse, men legg handa til hjartet som helsing. Portane på Osneset er løfta vekk for å hindre overflatesmitte. Vi har nasjonale reglar for korleis vi skal handterer Covid-19 dødsfall med gravferd. Presten besøker framleis døyande og går med soknebod (og beskytter mot smitte slik kommunelegen tilrår). Dødsbod vert gjort primært per telefon og i samråd med politiet. Når kyrkjeklokkene ringer denne tida kallar dei ikkje til å kome til kyrkja, men til ettertanke og bøn.

I alt fokuset på kva vi mister, er det viktig å seie at vi framleis får gode verdige seremoniar som gjev oss rom til å sørge og ta eit verdig avskil. Seremoniar kan streamast på facebook, eller takast opp på video. Når det vert høve til å møtast i store forsamlinga rigjen, vil vi tilby minneseremoniar i kyrkjebygget med song, ord og felleskap for dei som ynskjer det. Dette har vi ikkje gjort før, men trur det kan bli veldig fint.

Vigsler og enkeltdåp er også gjennomført med begreising på antal menneske og i samråd med kommunlegen i kvart tilfelle. Livet går sin gang – vi fødast, lever og døyr. Kyrkja er saman på ferda under alle livsvilkår og tilhøve.

Kyrkja si dør er open sjølv om vi ikkje kan samlast i store felleskap. Vi har i lang tid sendt direkte gudstenster mm til sjukeheimane og eldrebustadane slik at dei eldre får det inn på tven på rommet sitt om dei vil. Desse finn ein også på facebook og youtube. Konfirmantundervisning skjer på nett og vi legg ut digitale ressursar på heimesida og kirken.no. Vi er å nå på telefon, skype og mail, - med faste treffetider på telefon. Vi har bønegrupper som ber for det folk melder inn.

Dette er ei tid som kallar på vår karakter, på tålmod, og vår evne til å vise omsorg gjennom oppmuntring, framtidstru og bøn også når livstilhøva er vanskelege. Stå støtt i di dåpspakt og vit at vegen mellom hjarter er kort. Den som trur er aldri åleine. I dåpen gir Gud oss Den heilage Ande som bind oss saman og styrker oss med nærvær, kraft og kjærleik. Lat oss ta godt vare på kvarandre!

Margit Lovise Holte

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"