Godkjent listeforslag til soknerådsval i Ulstein sokn 9. september 2019
1 Karianne Sveen Orvik (1978), Ulsteinvik
2 Odd Arne Vikebakk (1956), Ulsteinvik
3 Annelise Kleven Godø (1961), Ulsteinvik
4 Andreas Sæbø (1999), Ulsteinvik
5 Karete Malen Nesset (1974), Ulsteinvik
6 Tørris Hegdal (1951), Ulsteinvik
7 Mali Åm (1971), Ulsteinvik
8 Kristian Osnes (1984), Ulsteinvik
9 Cecilie Frantsen Skeide (1972), Ulsteinvik
10 André Sæter (1985), Ulsteinvik
11 June Landa Sundal (1969), Ulsteinvik
12 Elina Escobar (1988), Ulsteinvik
13 Hildegunn Fiskerstrand (1957), Ulsteinvik
14 Bodil Voldsund (1970), Ulsteinvik
15 Hannelore Måseide (1942), Ulsteinvik
16 Lidbjørn Vattøy (1952), Ulsteinvik
17 Åsmund Lunde (1988), Ulsteinvik
Kandidatliste Ulstein sokneråd 2019-2023 nettversjon.pdf
Presenstasjon av kandidatane Ulstein sokneråd 2019-2023 (ligg under Møre bispedøme)
VALLOKALE
Vallokale med tilhøyrande opningstid på valdagen 9. september blir som følger for både kommuneval og kyrkjeval. Viktig å presisere at vala er i same bygg, men ikkje i same rom:
- Flø krins: Vonheim, klokka 14-19
- Ulstein krins: Ulstein bedehus, kl. 14–19
- Ulsteinvik krins: Ulstein rådhus, kl. 9–20
- Haddal krins: Haddal grendahus kl. 14–19
- Hasund krins: Sundgot bedehus, kl. 14–19
- Dimna krins: Dimna grendahus, kl. 14–19
- Eiksund krins: Eiksund grendahus, kl. 14–19
På valdagen kan ein røyste i alle vallokala innanfor kommunen ein er busett i. Ein må altso ikkje røyste i den krinsen ein bur.
FØREHANDSRØYSTING
Kyrkjekontoret, Sjøgata 59, i perioda frå 12. august til 6. september, måndag-fredag kl 09.00-15.00.
- Sjukeheimen, 3. september, kl 11-12
- Holsekerdalen 20, 3. september, kl. 13-14
- Bygdastova, 03. september, kl. 14-15
- Ulstein kyrkje, etter gudstenesta 25. august, kl 12-13.
- Ulstein kyrkje, etter gudstenesta 01. september, kl 18-18.30
Valkort
Alle som er ført opp i Den norske kyrkja sitt medlemsregister med røysterett skal ha fått valkort og nærare informasjon innan 10. august.
Den som er medlem i Den norske kyrkja, og ikkje får valkortet, kan kontakte kyrkjekontoret for å få retta opplysningane i Den norske kyrkja sitt medlemsregister. Medlemsregisteret er grunnlag for kyrkjeleg manntal.
Den som får valkort, men ikkje er medlem i Den norske kyrkja, kan gå fram slik valkortet føreskriv for å bli sletta av medlemsregisteret.
Ettersyn av manntal
Kyrkjeleg manntal for Ulstein sokn og for Hareid sokn blir lagt ut til ettersyn på kyrkjekontora. Det er berre høve til å kontrollere opplysningane som vedkjem ein sjølv, eller ein annan person som ein har fått skriftleg fullmakt frå.
Den som meiner at ein sjølv eller nokon annan uriktig har vorte ført inn eller er utelaten frå manntalet i soknet, kan krevja at valstyret rettar feilen. Kravet skal være skriftleg og grunngjeve.