Ein svale er ein fugl som er veldig god til å flyge, og synge.
Den bur over heile verda, og ordet svale kjem av norrønt ‘den som rører seg hit og dit’.
Kyrkjesvalar er ikkje verkelege fuglar, men born som får dei viktige
handlingane i ei gudstenesta til å gå slik dei skal.
Møt opp i kyrkja, måndag 3. juni 2019, kl. 17.30 - 19.00
Vi gjev opplæring i oppgåver som å:
- vere med å ringe i kyrkjeklokkene
- bære inn prosesjonslys, kors og andre ting
- sitje framme i koret og hjelpe til
- gje dåpsklutar under dåpen
- tenne lys i lysgloben
- tenne dåpslys frå Kristuslyset.
- finne fram teiknebrett til born som treng det
- vere med å samle inn offer
- dekke eit lite alter med nattverdutstyr
- løfte brød og vin under nattverden
- dele ut nattverd
- teikne kors i handa på folk med vatn frå døypefonten
- samle inn bøker og ark
Ein kyrkjesvale kan sjå fram til noko kjekt og spennande kvar gong det er gudsteneste!
Den søndagen du har lyst å hjelpe til, møter du opp i kyrkja kl 10:30 og melder deg til Inge. Då får du «svalebutton» som syner at du er medhjelpar og har ei oppgåve. Det kan også vere vi spør dersom vi treng å vite på førehand om du kan gjere ei oppgåve. Alt skjer sjølvsagt etter samtykke frå foreldra om at barnet kan delta med oppgåver i kyrkja.
Bli med - kom og ver kyrkjesvale!
Helsing
Margit prest og Inge klokkar