Intervju med vikarprest Øystein Bjørdal

I sokneprest Margit Lovise Holte sitt permisjonsfråver har Ulstein sokn gleda av å ynskje Øystein Bjørdal velkomen som vikarprest i perioda frå nyttår til over påske.

Intervju med vikarprest Øystein Bjørdal

- Eg synest det er kjekt å få kome til Ulstein ein periode som prest. Både fordi det er vakkert her ved kysten, og fordi eg har familie i området. Eg har også vore her mykje i ungdomstida, og har mange venner her. I mi tid med Sunnmøre kristelege mannskor sang vi mykje her i området.

Øystein er fødd og oppvokst i Ørsta, men flytta som 11-åring til Ålesund. Sjølv om han som pensjonist er busatt i Oslo, har han familietilknyting til området, med ei søster her i Ulsteinvik, i tillegg til ein bror og ei søster i Ålesund.

Øystein gjekk eigentleg av med pensjon i 2013, men han er ein aktiv pensjonist. Han er engasjert i NMS, dei siste 6 åra som styreleiar i NMS region Øst. Når han fortel om engasjementet i NMS, nemner han umiddelbart også Kjeldsund som ein av stoltheitane i NMS, og eitt av flaggskipa av NMS sine leirstader.

Som pensjonist har han også undervist i teologi ved den Lutherske presteskulen i Hong Kong i to periodar. Vi spør kva Øystein tenker om den vanskelege situasjonen for demokratiet i Hong Kong:

- Eg har mange kolleger og venner i Hong kong som har det veldig vanskelig no. Det er ikkje lett for dei  å uttrykke kva dei tenker, dei er i ein klemt situasjon. Det er vanskeleg å sjå en god utgang på denne situasjonen.

Mange husker Øystein Bjørdal som domprost i Molde og Møre frå 2002. Med fleire periodar som fungerande biskop kjenner han godt til kyrkjelandskapet i Møre bispedøme.

- Eg hadde gode år i Molde. Eg begynte som domprost i november 2001, og heldt fram til eg gjekk av med pensjon i 2013.

Etter teologistudier i Oslo starta han si prestegjerning på 70-talet som kapellan i Sunnfjord i 10 år. Deretter som sokneprest i Lilleborg menighet i Oslo, samtidig som han jobba på Det teologiske menighetsfakultetet med veiledning og undervisning. Der jobba han fast frå 1992, kun avbrutt av permisjon for å vere med på å bygge opp Liturgisk Senter i Trondheim, før han vart domprost i Møre i  november 2001. Han har altså vore med å forma både prestar, liturgi og gudsteneste i Den norske kyrkja. Han har også vore leiar i Norges kirkesangforbund.

- Når eg fekk spørsmål om å vere vikarprest i Ulstein, var eg bevisst på at eg ville vere her til over påske, for å få ein periode med kyrkjelyden, og kyrkjelyden få ein periode med meg. Det er leit at det er så sterke unntakstider som det er, men kyrkja og evangeliet er det same som det alltid har vore. Vi må berre øve på å være nærværande og nær kvarandre som kyrkje, også i denne tida. 

- Det er ei stor velsigning at kyrkja gjennom lange tider har hatt dei same grunnpilarar som samlar oss til å feire gudsteneste. Vi skal øve oss på å gjenta og dele med kvarandre og med verda dei store tinga i den kristne trua, slik vi nylig har gjort i jula, og som vi ser fram til å gjere i påska. Men eg er også opptatt av at gudstenesta må leve ut frå dei forutsetningane som ein har i seg sjølv som menneske og i forsamlinga, at den blir til i eit møte mellom prest og kyrkjelyd, der vi alle er instrumentar i dette møtet med Gud. Eg gler meg til å få vere med å prøve ut dette her i Ulstein sokn.

Vi takkar for praten, og ynskjer Øystein hjarteleg velkomen som vikarprest i Ulstein sokn.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"