Onsdag 19. mars arrangerer Ulstein kyrkje Kode B for alle som går i 5. klasse. Her skal vi gjennom sporløp og formingsaktivitet løyse oppgåver og knekke koder for å betre forstå samanhengen mellom bibelforteljingane. Alle får også eit varmt måltid.
Vi samlast frå kl 14.00 på Fredheim, KFUK-KFUM-huset rett ved kyrkja. Elevar på Ulsteinvik barneskule kan gå rett ned etter skule - vi tek imot dykk. For elevar på Haddal, Hasund og Ulstein er det flott om føresette kan avtale felles transport. Programmet er ferdig kl. 17.00. 5. klassingane går då heim sjølv eller blir henta av føresette. Velkomen, ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf. 70017680 om de har spørsmål.
Søndag 16. mars er det Gudsteneste med utdeling av bibelboka "Tidslinja" i Ulstein kyrkje kl 11.00. Alle som blir 11 år i 2025 er invitert. Fint med påmelding i forkant, men det er fullt mogleg å berre møte opp😊
Bruk skjemaet under for å melde på din 11-åring! Her kan du velje å melde deg på bare eit av arrangementa eller begge to!