Bryllup

Vigsel er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og onde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løfta vert gitt med vitne til stades.

Dei som ønskjer å gifta seg i Kyrkja i Vang må først ta kontakt med kyrkjekontoret.

Så må kvar av brudefolka fylle ut "Erklæring for prøving av ekteskapsvilkåra", og kvar av forlovarane må fylle ut "Forlovererklæring". Desse papira kan ein laste ned i boksen "Viktige skjema" nedst på denne sida. Ein leverer dei ferdig utfylte papira til folkeregisteret.