Vang kyrkje

Det knyter seg mange historiske hendingar til denne bygda og stavkyrkja. Stavkyrkja er bygd tett attmed Kviesgardane. Dette var opphavleg ein storgard, men er no delt i fleire bruk. Det første ein høyrer om Kvie i Norgeshistoria er at Harald Hårfagre si dronning Gyda hadde tilhald her. I siste halvdel av 1100-talet var Elling bukar på Kvie. Elling var ein mektig bondehøvding og han slutta seg til birkebeinarane og kong Sverre i striden mot dei geistlege og kong Magnus Erlingsson. Elling og broren Audun var truleg med i bondehæren til kong Sverre ved slaget på Kalvskinnet i Nidaros i 1179, då far til kong Magnus Erlingsson, Erling Skakke vart drepen.

Vang kyrkje

Denne hendinga er avgjerande for dateringa av Høre stavkyrkje, for ei runeinnskrift i kyrkja blir tyda slik; «Brørne Elling og Audun hogg (tømmer) til denne kyrkja det året Erling fall i Nidaros». Ca 1187 var det storbryllaup i Høre. Då vart Bård Guttormson på Rein vigd til Ragnhild, dotter til Elling på Kvie, og stavkyrkja stod nok ferdig til dette bryllaupet.

Hertug Skule Bårdsson (son til Bård og Ragnhild) voks opp på Kvie. Han styrte landet i fleire år for den mindreårige kongen Håkon Håkonsson (konge frå 1217 til 1263)

I 1979 var det utgravingar under Høre stavkyrkje. Ein fann då til saman 365 myntar og 1408 andre gjenstandar. Desse funna visar at ei datering av kyrkja til ca. 1180 er riktig, og at Høre stavkyrkje måtte ha ein sentral posisjon i middelalderen. Kyrkja vart ombygd til sin noverande form i 1823.

Ved Høre stavkyrkje ligg Vang kommune sin 1000-årsstad, med eit relieff av Gyda på Kvie og riddar Sigvat på Lerhol.

Stavkyrkja er i dagleg bruk til gudtenester og andre kyrkjelege handlingar, og har omvising om sommaren.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vang kyrkjelege fellesråd

Vang kyrkjeleg fellesråd
Kontor på Klukkarhaugen: Ope måndag - fredag kl 09:00 - 15:00. 

Prestekontoret i Drengestøga: ta kontakt med soknepresten for avtale. 

Adresse kyrkjekontoret:

Tyinvegen 5175, 2975 VANG I VALDRES

Besøksadresse Klokkarhaugen:

Tyinvegen 5175

Adresse Drengestøga:

Tyinvegen 5130, 2975 VANG I VALDRES

Epost: post.vangivaldres@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"