Vi treng hjelp til grasklipping på kyrkjegardane i Høre, Heensåsen og Øye ca. ein gong i veka i vekstsesongen. Du kan velje ein av kyrkjegardane eller fleire. Oppstart snarast.
På Vang kyrkjegard treng vi ein som kan klippe graset i veke 25,26,27.
Vi har grasklipparar som du kan nytte. Arbeidet kan du gjere når på dagen du vil, og du skriv timar du bruker på arbeidet.
Vi treng om ein omvisar i Høre stavkyrkje i perioden 22. juni – 13. august. Du deler sommaren med ein annan omvisar og du får god opplæring. Du må vere glad i å snakke med folk, og kunne snakke engelsk og gjerne eit anna språk, t.d. tysk.
Dei første som søker får jobb, så skund deg å søke!
Send søknad til post.vangivaldres@kyrkja.no. Spørsmål? Kontakt Guro Hovda på mobil 41265178.