Øye stavkyrkje

Stavkyrkja vart riven omkring 1747, og ein rekna med at materialar og anna etter kyrkja hadde gått tapt. Overraskinga vart difor stor då ein i 1935 fann materialane til gamlekyrkja under golvet i den nye.

Øye stavkyrkje

Stavkyrkja vart difor rekonstruert og gjenreist i åra 1955-1965.

Ein veit ikkje sikkert kor gamal denne kyrkja er, men truleg er ho bygd på 1200-talet og vigd til St. Johannes, og i seinare tid har det vorte tradisjon å ha messe her kvar jonsokaftan.

Denne kyrkja har neppe sett slik ut opphavleg som ho gjer no. Det er tydelege merke etter ombyggingar. Det er m.a. spor etter midtsøyle, noko som kan tyde på at kyrkja frå først av har hatt løfta midtparti.

Øye sokn har 290 innbyggjarar og tre kyrkjer: St.Tomaskyrkja på Filefjell, Øye stavkyrkje og «nye» Øye kyrkje. I stavkyrkja er det omvising om sommaren, og ein fast gudsteneste -jonsokaftan.

Kontaktinformasjon for Vang kyrkjelege fellesråd

Vang kyrkjeleg fellesråd
Kontor på Klukkarhaugen: Ope måndag - fredag kl 09:00 - 15:00. 

Prestekontoret i Drengestøga: ta kontakt med soknepresten for avtale. 

Adresse kyrkjekontoret:

Tyinvegen 5175, 2975 VANG I VALDRES

Besøksadresse Klokkarhaugen:

Tyinvegen 5175

Adresse Drengestøga:

Tyinvegen 5130, 2975 VANG I VALDRES

Epost: post.vangivaldres@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"