Skjærtorsdag

Skjærtorsdag, her er ein samtale mellom spesialprest Håkon Økland Kinsarvik og diakon Ruben Sæle, Song av Linda Økland Kinsarvik og Anne Marit Fosse Dahle på piano kyrkjemusikar Trond Fykse.

Skjærtorsdag

Tekster å lese for dagen er
Evangeliet etter Matteus 26, 17-30
2 Mosebok 12,1.3-8.11-14
Paulus 1. brev Korintene 5,6b-8
Evangeliet etter Johannes 13, 1-17

 

Liturgi: 

 

Nattverdsordning

 

Bøn for takkoffer

L | Velsigna er du, Gud. Di er jorda og alt som fyller henne. Av ditt eige gjev vi deg attende. Lat gåvene våre bli til gagn for ditt rike og for vår neste.

 

L | Lat oss lovprisa Gud.         Kyrkjelyden reiser seg.

A | Gud vil vi takka og æra.

 

Sanctus / Heilag (syng ein lovsong)

 

L | Gode Gud, vi takkar deg for din herlegdom som er breidd ut over himmel og jord. Gjennom dåpsvatnet fridde du oss ut frå mørkrets makt og gav oss del i Jesus Kristus, Son din. No bed vi deg: Send din Ande over oss og dine gåver, så vi får kraft til å leva og frimod til å tru.

 

L | Vår Herre Jesus Kristus, i den natta han vart sviken, tok han eit brød, takka, braut det, gav læresveinane og sa: Ta imot og et! Dette er min kropp som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg. Like eins tok han kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod som blir utrent for dykk så syndene blir tilgjevne. Kvar gong de drikk av han, så gjer det til minne om meg.

 

A | Vår Far i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar. Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.

 

L: Guds fred vere med dykk.          A: Guds fred vere med deg.

 

Agnus Dei / Du Guds Lam  

 

L: Kom, for alt er gjort ferdig.

 

Utdeling 

L / ML | Kristi kropp, gjeven for deg. Kristi blod, utrent for deg.

 

L | Den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus har no gjeve oss sin heilage lekam og sitt dyre blod som han gav til soning for alle våre synder. K eller L | Han styrkje oss og halde oss oppe i ei sann tru til det evige livet. L | kan leggja til Fred vere med dykk. 

L | Vi takkar deg, nådige Gud, du som gjennom brødet og vinen har gjeve oss del i Jesu Kristi sigerrike død og oppstode.

Styrk oss ved din Ande til vitnemål og teneste i verda.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"