Treng du å sjå andre folk? Er du heime på dagtid? Open Møteplass er ein treffplass for kven som helst midt i Frekhaug senter, på Møteplassen (ved Frekhaug bibliotek).
Kvar måndag og onsdag kl. 11.00-13.30 er Møteplassen open. Kjekke medarbeidarar er på plass for å servere deg kaffi eller te og ein vaffel. Dei er alltid klar til å slå av ein prat. Lokalaviser og blad er tilgjengeleg, eller du kan berre slappe av i ein sofa om du ønskjer. Alt er gratis, men du kan leggje att nokre kroner på ei bøsse om du vil. Vel møtt!
(Når plakatbukken er ute ved inngangen nede, er det opent på Møteplassen.)
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.