"Ei rose er verdt meir enn tusen ord." Og når det kjem eit hyggeleg menneske og gir deg den, er det endå betre. Dette håper vi dei over 80 år, som får rose frå kyrkjelyden, også synes.
Rosetenesta har vore i gang sidan 80-talet. Ved runde dagar, 80, 85 og 90, det vert delt ut roser. Men etter 90 skal det delast ut kvart år. Eit tjuetals frivillige tek med seg ei rose og går på besøk til dei eldre i samband med fødselsdagen.
Vi har, av praktiske grunnar og av respekt for val personar tek med omsyn til livssyn, berre delt ut til medlemmer i Den norske kyrkja.
Viss du har lyst til å vere med og glede nokon på denne måten, så er det plass til deg også som medarbeidar. Ta kontakt om du er interessert.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.