Husgrupper - ein plass for trivsel og vekst

Ønsker du å vere del av eit fellesskap der det er rom for tru og tvil, glede og sorg? I ei husgruppe får du eit fellesskap der ein set fokus på Gud og livet med han i kvardagen. Kanskje du også vil vere med?

Husgrupper - ein plass for trivsel og vekst

Ei husgruppe er ein stad der du kan få oppleve visjonen vår: "Nær Gud - nær menneske".

Nær Gud: Han er sentrum i den kristne trua. Ei husgruppe har fokus på Han, livet og trua, gjennom bibellesing, bøn, song og samtale.

Nær menneske: I ei husgruppe går du på ein veg saman med andre. Du får kome med din historie, tru, tvil, spørsmål og tankar. Ei husgruppe vil oppmuntre og utruste til å følgje Jesus og til å finne din plass i kyrkja.

Fleire av husgruppene har eit lite måltid i lag. Tidspunkt, opplegg og alder/kjønn/livssituasjon i gruppene varierer. Vi vil gjerne bidra til å starte nye grupper.

Ta kontakt med kyrkjekontoret/sokneprest dersom du ønsker å vere med i ei husgruppe, eller om du vil ha meir informasjon.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"