I påmeldingsskjemaet oppmodar vi foreldre/føresette til å ta del i ulike oppgåver, t.d. lage mat til ei samling, transport, vakt under arrangement, etc. Vi har gode erfaringar med at foreldre/føresette stiller opp.
Er det forhold rundt konfirmanten som foreldre meiner er viktig at det vert teke omsyn til, ber vi om at ein tek kontakt. Dette kan ein gjere ved å krysse av i påmeldingsskjema, at ein ønskjer ein samtale/møte med konfirmantansvarleg.