Konfirmant i Osterfjorden

Her vil du få ein presentasjon av konfirmanttilbodet i Osterfjorden.

Konfirmant i Osterfjorden

 

Undervisning

Samlingane vert gjennomført hovudsakleg i Ostereidet kyrkje og Hjelmås kapell. Dette skjer kvar fjortande dag (totalt 1, 5 time).  Det vert også arrangert seminar ein til to gongar i semsteret.

Les også om "Tilpassa undervisning".

I undervisninga går ein gjennom ulike tema i forhold til kristen tru og etikk. Kjernestoff vil vere truvedkjenninga, bøna Vår Far, dei 10 bod, Den gyldne regel, Den vesle Bibel, Det doble kjærleiksbodet , Misjons- og dåpsbodet, salmar og liturgi. 

Det vert også lagt opp til samtalar omkring om aktuelle emner som til dømes  sjølvbilete og identitet, korleis møte ulike livssituasjonar, kva er rett og gale, kropp og seksualitet, rettferd i eit globalt perspektiv, osv.

Samværa legg opp til samtale, kreativt bibelarbeid, filmar og gruppeoppgåver.

 

Seminar

Det er vanleg organisasjonar kjem på besøk og held seminar om ulike tema. Dei siste åra har mellom anna studentar frå Viken folkehøgskule vore innom med konseptet "Team Skjærgård". Vi har kvart år seminar med Kirkens Nødhjelp. Andre seminar har vore «Ungdoms og seksualitet» med organisasjonen Menneskeverd, « Ungdom og mediar» med organisasjonen Ungdom og mediar.

 

Gudstenester

Konfirmantane skal i løpet av denne tida bli betre kjende med gudstenestelivet. Målet er at konfirmantane skal kjenne seg heime i kyrkja og i fellesskapen ein møter der.

Konfirmantane får høve til å vere medaktørar i ulike gudstenester. Saman med prest / kateket / kantor skal konfirmantane utforme og gjennomføre ulike gudstenester som til dømes lysmesse, gudstenester med oppgåver og samtalegudsteneste.

 

Leir

Det har blitt ein tradisjon at konfirmantane reiser på leir. Dette vert rekna som eit av dei store høgdepunkta i løpet av denne tida. Dei siste åra har vi brukt å reise til leirstadar som Dyrkolbotn, Fjon Fjellkyrkje og Sætervika. I dette konfirmantåret vert leiren på Raknestunet på Osterøy. Les meir om leiren her. Dette blir bra! Leirane er lagt opp med fokus på det sosiale. På programmet står det  samlingar/seminar og mykje leik og moro.

 

Fasteaksjon

Det er eit mål at konfirmantane skal kjenne seg som ein del av den lokale og verdsvide fellesskapen. I den samanheng skal konfirmantane ta del i diakonale handlingar.

Kvart år deltek konfirmantar over heile landet i Kirkens Nødhjelp sin fastaksjon. Her vert det samla inn pengar til prosjekt som kjem fattige land til gode. I samband med fasteaksjonen vert det arrangert seminar i samarbeid med Kirkens Nødhjelp.

 

Følgje ein aktivitet i konfirmanttida

I konfirmanttida skal ein bli betre kjend med det ungdomstilbodet som vert drive innanfor dei lokale kyrkjelydane. Her finnes det eit variert tilbod.

Konfirmantane skal velje ein aktivitet som dei ønskjer å vere med på. Sjå nedover på denne sida kva alternativ som fins.

Alternativ 1: FREDAGSKAFEEN eller LUK

Innanfor kyrkja i Alver eksisterer det fleire ungdomsklubbar. Her møtast ungdommar som oftast fredagskveldar til ulike aktivitetar som bordtennis, biljard, film, leikar, utflukter og mykje anna moro. På samlingane er det og andakt.

Klubbar:  Fredagskafeen ( Ostereidet kyrkje) og LUK ( Midtgård bedehus). Det er og mogleg å følgje aktivitetar utanfor soknet. Dette kan avtalast med kateketen.

 
 

Alternativ 2: KRIK 

KRIK har som formål: ”bevare, inspirere og vinne idrettsfolk til kristent liv både i idrettslag og kyrkjelyd”. Organisasjonen driv med eit vidt spekter av sportsgreiner. I dag er over 11.000 ungdommar med som medlemmer. KRIK Nordhordland har sine samlingar (to gongar i månaden) i Knarvik / Nordhordlands-hallen. Sjekk Facebook: Knarvik KRIK

 

 

 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"