Diakoniplan for Radøy sokn, 2018 - 2021

Planen er utarbeidd av utval for diakoni og misjon (UDM) og godkjent i soknerådet.

Diakoniplan for Radøy sokn, 2018 - 2021

Innleiing: 

Kyrkjerådet vedtok i 2007 ny plan for diakoni. I planen peikar Kyrkjerådet på diakoni som kyrkja si omsorgsteneste og viser i sin definisjon 4 område der tenesta kjem til uttrykk: 

“Diakoni er kyrja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd”. 

Heilskapstenkinga bak denne definisjonen har konsekvensar for vårt kvardagsliv, for gudstenestelivet og for opplæring i kristen tru. Den utfordrar oss til eit kvardagsliv i teneste. 

Ansvaret kjem her særleg fram der få eller ingen bryr seg, og utfordringa gjeld alle aldersgrupper. 

I samtale med sine læresveinar, i Markus 10. 43-45, lyfter Jesus fram det å tene kvarandre når han seier: 

“Den som vil bli stor blandt dykk, skal vera tenaren dykkar, og den som vil vera først blandt dykk, skal vera slave for alle. For ikkje eingong Menneskesonen er komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.” 

Diakonien vert såleis grunntonen i alt som skjer i kyrkjelyden, og blir konkretisert i eigne tiltak innafor: 

  • Nestekjærleik 
  • Inkluderande fellesskap 
  • Vern om skaparverket 
  • Kamp for rettferd 

Tiltak med målsettingar som er nemde i planen, er difor tiltak som Radøy sokn ynskjer å fokusere på i planperioden. “Utval for diakoni og misjon” vert heretter i planen skrive som UDM. 

Aktivitetar og tiltak i kyrkjelyden. 

Besøksteneste: 

Målsetting: Å kunne gje personar som ynskjer det, tilbod om samtale, fellesskap, turgåing og liknande. 

Tiltak: UDM (utval for diakoni og misjon) i samarbeid med koordinator har ansvar for å arbeide med å rekruttere besøkspersonar og prøve fange opp kven som treng besøk. 

Tysdagstreff: 

Målsetting: Samlingsstad for åndeleg påfyll, fellesskap og undervisning med ulike tema. 

Tiltak: Komité som førebur innhald og praktisk gjennomføring for 3-6 samvær i året. Tiltaket er i gang og vert vidareført. 

Blomsterhelsingar til personer i kyrkjelyden: 

Målsetting: Gjennom blomehelsing til jul, gje oppmerksomheit til personar i kyrkjelyden som har passert 80 år. 

Tiltak: Kyrkjelydsutvala organiserer og gjennomfører tiltaket. Tiltak som har fungert i mange år og vert vidareført. 

Songstund: 

Målsetting: Støtte opp om samlingar i kyrkja, der vi syng gode songar og salmar. 

Tiltak: Kyrkja, i samarbeid med Dagavdelingen, Manger helselag og Frivilligsentralen, planlegg og gjennomfører samlingar 2-3 gonger i året. 

Arbeid saman med flyktningar: 

Målsetting: Gjensidig integrering – styrkje økumenisk fellesskap 

Tiltak: Invitere til økumeniske samlingar – til dømes Taizebøn, tilrettelagt i samarbeid med representantar frå ulike kyrkjesamfunn. 

Gjenbruksbutikken i Knarvik: 

Målsetting: Støtte tiltaket som møteplass, fremje gjenbruk og slik støtte misjonsarbeid. 

Tiltak: Oppfordre medlemmer i kyrkjelyden til å nytte tilbodet i gjenbruksbutikken, til å stille opp, også som frivilleg. 

Annonsere i Radar. 

Fairtrade: 

Målsetting: Bevisstgjering på rettferdig handel, fordeling av gode globalt og bruk av rettferdige produkt. 

Tiltak: At me som kyrkje gjennomfører bruk av fairtrade-produkt. 

Soknerådet orienterer om fairtrade under kunngjeringane i gudstenesta 1-2 gonger i året. Informere om tiltaket i Radar. 

Grøn kyrkjelyd: 

Målsetting: At Radøy kyrkjelyd vert Grøn kyrkjelyd innan utgangen av 2019. 

Tiltak: Sjå vedlegg. 

Fast spalte i Radar: 

Målsetting: Synleggjere arbeidet vårt og informere om diakonale tiltak I kyrkjelyden. 

Tiltak: “Diakoniens hjørne” om ulike tiltak og om faste tilbod. 

Fasteaksjonen: 

Målsetting: Auka engasjement for rettferd. Vise omsorg lokalt og internasjonalt 

Informere om årets prosjekt til konfirmantar og kyrkjelyd. 

Tiltak:

  1. Delta med bøssebærarar til alle husstander på aksjonsdagen. Soknerådet organiserer aksjonsdagen saman med representantar frå diakoniutval, konfirmantane, trusopplærar og prest. 
  2. Gudsteneste i fastetida. Bruke opplegg som KN utarbeidar kvart år. Ansvarleg er prest, trusopplærar og UDM. 

Kyrkjelydens misjonsengasjement: 

Målsetting: Fremje misjonsinteressa i kyrkjelyden. Samle inn kr 15.000 til misjonsprosjektet. 

Tiltak:

  1. Soknerådet har misjonsavtale med NMS som vi følgjer opp. 
  2. Offer til alle som er med i SMM (Samarbeid Menighet Misjon) gjennom ein to-års periode. Bøn for arbeidet under gudstenester. 
  3. Misjonsgudsteneste med middag og andre arrangement med fokus på misjon, som basar, misjonshelg, songkveld, tur etc. 

Tiltak i samarbeid med NMS-kontoret og misjonsforeiningane. 

Kyrkjeskyss: 

Målsetting: Alle som ynskjer det, skal få kome til gudsteneste i kyrkjene og til andre arrangement i regi av soknet. 

Tiltak: Representantar frå UDM og koordinator ved kyrkjekontoret vil administrere tiltaket. 

Kyrkjekaffi: 

Målsetting: Sosial samling og bygging av fellesskap for dei som kjem til kyrkja. 

Tiltak: Ansvar for gjennomføring: Sokneråd, UDM, kyrkjevertar og andre. 

Samtale/sorggruppe: 

Målsetting: Gi tilbod om sorggrupe til dei som har mista nokon i løpet av det siste året. 

Tiltak: Ta kontakt med dei som på ein spesiell måte treng oppfølging etter å ha mista nokon. På sikt få til sorggruppe i samarbeid med dei andre sokna i Nordhordland. 

Bibel-/samtalegrupper: 

Målsetting: På sikt å etablere livsnære grupper som nye interresserte kan inviterast inn i. 

Tiltak: Vere merksame på behov og ressurspersonar. 

Diakonstilling: 

Målsetting: Opprette diakonstilling i soknet. 

Tiltak: Arbeide for å finne midlar til stillingen. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"