Bjørgvin bispedøme har ledig stilling som sokneprest i Nordhordland prosti med Radøy sokn som tenestestad.
I Nordhordland står folkekyrkja sterkt. Prostiet er ein stad der fjord og fjell, bygd og regionsenter, tradisjon og fornying går hand i hand. Her finn du eit levande kulturliv med eit særleg rikt korps- og musikkliv og sterke frivillige miljø med folkekyrkja midt i fellesskapen.
Vi ser etter deg som ønsker å vere med på å vidareutvikle folkekyrkja i lag med stab, folkevalde og frivillige. Vi ønsker oss ein prest som vil:
- Formidle evangeliet om Jesus Kristus med nærleik til menneska kyrkja møter
- Bygge lag og samarbeid i soknet
- Arbeide for at kyrkja er synleg og tilgjengeleg i lokalsamfunnet
- Utvikle gudstenestelivet og delta i det kyrkjelydsbyggande arbeidet
Kyrkja på Radøy er ei folkekyrkje, kor folk er glade i kyrkja og stiller opp på dugnad ved merkedagar og generelt som frivilleg i det kyrkjelege arbeidet.
Radøy sokn søkjer ny sokneprest
Til hausten blir soknepresten vår, Kjell Sekkingstad, pensjonist. No søkjer bispedømet etter ny prest med tenestestad Radøy. Kanskje dette er noko for deg?
