Musikkmånaden juni

Juni blir ein skikkeleg musikkmånad i kyrkjelyden, med to flotte konsertar og nysatsinga "Fellessong på Rasteplassen."

Musikkmånaden juni

Laurdag 10.juni i Manger kyrkje kl. 19:00

Radøy damekor innbyr til sommarkonsert saman med gjestedirigent Ann Christin Hoen. 

Deler av koret hadde lyst på noko nytt og kom opp med tema «film og scene» Det skulle vise seg at koret verkeleg fekk noko å strekkja seg etter i og med rytmisk musikk. Det vart naturleg å komme opp med eit utvida program der innhaldet er musikk som damekoret er meir vane med å syngje. 

Jaqueline Chesney har gjort grovarbeidet på ein framifrå måte.  Ann Christin Hoen tar «finishen» og leder oss i hamn den 10.juni kl. 19.00 i Manger kyrkje. Organisten vår William Kay får med seg Morten Kleveland og Martin Frantzen på trommer. Rytmisk musikk krev jo eit band.

 Velkommen til konsert med Radøy damekor.

Torsdag 15.juni på Rasteplassen kl. 18:00

William Kay dreg i gong nysatsinga "Fellessong på Rasteplassen" - eit nytt tilbod der fokuset er på å koma saman for å syngja. Denne gongen er det sommarens songar og salmar som står i fokus, under tittelen "Syng sommaren saman."

William Kay leiar programmet, saman med gjestar mellom anna frå Radøy damekor. Fokuset blir sjølvsagt på fellessongen og vi byr også på sommerlege forfriskingar!

Til hausten blir det ny "fellessong" med fokus på advent og jul.

Søndag 18.juni i Manger kyrkje kl. 18:00

Rune Alver og Inger Johanne Ektvedt innbyr til konsert med fokus på firehendig klavermusikk. Samtidig lanserar dei den nye CDen sin "Sukkerfetøyens Dans". 

CDen er ei kjærleikserklæring til pianoet og til pianokunsten frå ekteparet Inger Johanne og Roar Ektvedt. Ho er farmasøyt, tidligare eigar av apotek i Knarvik og Mastrevik, og på sin hals ein ivrig pianospelar med mange års utdanning frå Barratt Dues institutt i Oslo. Den kulturbevisste ektemannen støttar prosjektet.

Då dei selde apoteka for nokre år sidan, kunne dei sikkert ha brukt pengane på å reisa verda rundt i sorglaus pensjonist-tilvære. Men her slo piano-genet inn. Dei har satsa på å støtta og å kjøpa inn pianoer og flygler til kommunar, institusjonar og kyrkjer, hovedsakleg i kommunar i Nordhordland. Gjennom åra har det blitt 16 instrument av svært god kvalitet som muliggjer musisering på høgt nivå.

Medverkande: Inger Johanne Ektvedt og unge talenter fra Radøy i samspel med pianist Rune Alver. Roar Ektvedt les dikt.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"