Radøy damekor sin julekonsert 2024

Radøy damekor ynskjer velkomen til årets julekonsert i Manger kyrkje. I år har vi bygd opp programmet rundt eit soloinstrument, nemleg oboen som Lise Herland er med og spelar.

Radøy damekor sin julekonsert 2024

Programmet byr på ei blanding av kjende og kjære julesongar og nyare musikk. Vi har to premierar: “Himlens kongesønn” av Jostein Hauge frå Austrheim og den samiske salmen “Høyr den gode tidend”, begge i nye arrangement for like stemmer av William Kay.

Vi har også gleda av å presentere to upubliserte arrangement av Niels Nørgaard og Nikolaj Busk som vert framført etter avtale med DR Pigekoret. 

Koret er også svært glad for å ha med seg dyktige songelevar frå Alver kulturskule. Dei skal syngja to nummer saman med oss men også åleine.

Velkomen skal de vera!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"