Velkomen til kvardagsmiddag på Rasteplassen på Manger!
Annakvar onsdag serverer me middagar som høyrer kvardagen til. Det er frivillige medarbeidarar som står for kokkelering og rydding, så her kjem du til ferdig dekka bord!
Her er det rom for travle småbarnsfamiliar, pensjonistar, einslege og alle som ønskjer eit middagsmåltid saman med andre. Etter middagen står kaffekanna klar for dei vaksne.
Det kostar 20 kr per person, og ein kan betale valfritt beløp over det.
For å vite kor mykje mat me skal lage, treng me påmelding.
Ring eller send sms til Gudveig på 93 84 05 87 med påmelding om evt allergiar og kor mange i familien.