Sorggruppe i Alver

Kyrkja i Alver tilbyr sorggruppe for menneske som opplever sorg.

Sorggruppe i Alver

 

«Eg var usikker på kor mykje eg kom til å fortelje om eiga sorg, men eg visste eg trengte ein stad å få støtte og hjelp til å leve med sorga. Her i gruppa er det lett å dele, det er ingenting som er feil å seie.» Tidlegare deltakar i sorggruppa.

 

Sorg er ein naturleg og sunn reaksjon på tap av nokon ein er glad i. Ei tid etter eit tap vil mange oppleve at det er godt å treffe andre som har vore gjennom noko av det same.

Kyrkja i Alver og Kreftkoordinator i Alver kommune ønskjer å vere til hjelp med å tilby sorggruppe for menneske som opplever sorg. I gruppa kan ein setje ord på kjensler, tankar og opplevingar kring sorg og tap, og saman med andre i liknande situasjon få hjelp til å finne styrke til å gå vidare med tapet.

Sorggruppene er leia av to personar som er til stades for å støtte gruppa, gje informasjon og vandre saman med gruppa i sorglandskapet. 

 

Sorggruppa skal vere eit trygt fellesskap.

  •  Ei sorggruppe er eit tilbod om støtte til etterlatte etter dødsfall
  • Gruppa har 4-8 deltakarar, som møtes til faste tidspunkt
  • Kvar samling er 1,5 time
  • Gruppa samlast mellom 8 og 10 gonger, ut frå talet på deltakarar
  • Gruppa er for alle– uavhengig av livssyn, eller bakgrunn for dødsfall
  • Ein vel sjølv kor mykje ein vil dele
  • Gruppa baserer seg på gjensidig teieplikt
  • Gruppa er gratis
  • Gruppa vert leia av to personar. 

 

 «Eg var først skeptisk til at dette kunne vere noko for meg. Men eg kjente raskt at her var det godt å vere. Me er alle ulike, men me kjenner oss igjen i kvarandre si historie.» Tidlegare deltakar i sorggruppa.

 

 

For påmelding til sorggruppe, kontakt ein av diakonane på telefon eller epost, Ruben eller Gudveig, sjå under for kontaktinformasjon. 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"