Kyrkjeleg vigsel

Kyrkjeleg vigsel er ei handling av gudstenesteleg karakter. Sjølv om handlinga er fastlagd er det likevel mogleg å setja eit personleg preg på det som skjer i kyrkja

Kyrkjeleg vigsel

De kan seia ja til kvarandre med berre prest og forlovarar til stades. Stort eller lite bryllup – i kyrkja vert livet lagd fram for Gud med bøn om velsigning. Alle par som har gifta seg borgerleg er velkomne til kyrkja for å be om forbøn for samlivet.

De kan velja salmar, bibeltekster, form på sjølve ekteskapsinngåinga, koma med ynskjer til organisten når det gjeld inn- og utgangsmusikk, - og, eventuelt, ha med høveleg song eller musikk i tillegg. Kyrkja kan også pyntast etter personleg ynskje og smak. Men hugs at alt skal vera ein naturleg del av den kyrkjelege handlinga.

Ekteskapsløftet. 
Her er det er to alternativ å velja mellom. Den gamle varianten der paret svarar ja to gonger eller det nye der paret gjentek løftet etter presten etter først å ha svart ja ein gong. Sjølv om denne varianten er ny i Noreg, så har den vore i bruk i den anglikanske kyrkja sidan 1662!

Tekstlesing
Vigselsordninga er det lagt opp slik at bryllupsfylgjet, slekt og vener, kan delta på mange måter. Brudeparet kan velja kva Bibeltekstar dei ynskjer skal verta lesne. Det er fint om ein av bryllaupsfylgjet kan lesa ein eller fleire av desse tekstane. Det skal veljast 2 til 4 tekstar, minst éin frå kvart av dei to testamenta.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"