Maks 25 deltakarar ved gravferd

Alver kommune har sett eit maks tak på 25 personar i gravferder.

Maks 25 deltakarar ved gravferd

Fellesrådet har heile tida vore i tett kontakt med kriseleiinga i Alver kommune. Opphavleg vart det satt eit tak på 10 personar i gravferder. Etter ei ny vurdering er dette auka til 25. Dette er strengt, men må følgjast.

Det er mogleg å halde gravferd sjølv om kyrkjene i Alver i utgangspunktet no er stengde. Det er likevel kun den aller nærmaste familien som kan vera til stades og det vart òg satt i verk tiltak for å minska smittefaren.

"Dei som vert ramma av desse restriksjonane kan vurdera om dei vil halda minnestund for den døde på eit seinare tidspunkt. Det er viktig at ein får moglegheit til å samlast og sørga saman seinare, når ikkje faren for smitte er så stor som no," seier kyrkjeverje i Alver John Fredrik Wallace.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"