Varsle om kritikkverdige forhold

Å varsle er å seia frå om kritikkverdige forhold, slik at dette kan gjerast noko med. Du kan melda frå både skriftleg og munnleg. Når du har sendt inn varsel vil du få eit svar i løpet av åtte dagar.

Eg er ikkje medarbeidar og vil varsla

For deg som ikkje er medarbeidar, men for eksempel har døypt barnet ditt, vore på ei gudsteneste eller delteke i ei gravferd.

Eg er medarbeidar og vil varsla

For deg som er frivilleg, tilsett, lærling eller har praksis i Den norske kyrkja.

 

Den norske kyrkja skal vera ein god stad å vera for alle. Kyrkja skal vera ein trygg og open arbeidsplass. Både tilsette og frivillege i kyrkja har rett til å varsle om kritikkverdige forhold. Målet med å varsle er å seia frå. Då kan de ansvarlege gjere noko med det som har skjedd og hindre at det skjer igjen. 

Du kan gjerne spørje nokon du stolar på om hjelp dersom du synest det er vanskeleg å seia frå sjølv. Er du ansatt kan du også snakke med tillitsvald eller verneombod.

Alle kan varsle, både tilsette, frivillege og dei som tek del på eit arrangement. Arbeidsmiljøloven omfattar deg som utførar arbeid for Den norske kyrkja, anten du er tilsett, lærling, i praksis eller frivilleg.

Om du ikkje har eit arbeidsforhold i kyrkja, men t.d. tek del på eit arrangement, er du oppfordra til å varsla om kritikkverdige forhold.

Du kan varsle ved å bruke varslingsportalen. Då kjem du til ei side som heiter Mittvarsel, der du legg inn varselet digitalt. Du kan velja om du vil formidla varselet munnleg eller om du vil skrive det ned. 

Kva seier lovverket om varsling?

Kva skjer etter at eg har sendt inn varsel?

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"