Gudstjeneste "Misa Campesina" RADIOGUDSTJENESTE NRK

Praktisk informasjon

Fra:15.9.2019 - kl.11.00

Til:15.9.2019 - kl.12.00

Sted:Ås kirke

Arrangør:

«Misa Campesina»  – latin-amerikansk bondemesse

Velkommen til radiooverført gudsteneste frå Ås kirke
søndag 15. september kl. 11.00.


Prøv å vera på plass i benken seinast kl.10.55!

 

Ås kirkekor, med ekstra mange musikarar, framfører «Misa Campesina» – latin- amerikansk bondemesse.
Medverkande:
ElisabetVoll Ådnøy (song)
Anne Christine PittetGrolid (fløyte)
Halvor Bekken Aschim (el-bass)
Michaela Antalova (perkusjon)
Odd Halvor Moen (trekkspel og piano)
Thomas Schoofs Melheim (gitar)
Irena Banjeglav (fiolin)
kantor Jostein Grolid (dirigent),
Prestane Ingrid Ulvestad Øygard og Jan Kay Krystad er liturgar.

 

Carlos Mejia Godoy skreiv «Misa Campesina» i 1974–75. Komponisten reiste rundt i Nicaragua og samla stoff frå folkemusikken.
Bondemessa vart til i ein dramatisk periode med revolusjon og uro. Mange kristne bestemte seg for å gå med i kampen mot diktaturet. Dei ville vera med på å skapa eit betre samfunn.


Komponisten Arne Dagsvik har tilrettelagt og arrangert songane. Songtekstane er på nynorsk.
Kanskje bør nokon no skriva ein ny song til messa, om murar og folk på flukt som  ingen vil ta imot. Campesina-temaet er framleis aktuelt!


Vel møtt til ei annleis messe, enten i kyrkja eller ved radioen (NRK P1 frå kl. 11.03).