Det er ein plass for deg i Den norske kyrkja

Det er dåpen som gir medlemskap i kyrkja. Viss du ynskjer å bli medlem av Den norske kyrkja, men ikkje er døypt, bør du ta kontakt med presten i kyrkjelyden der du bur.

Kyrkja si oppgåve er å bringe bodskapen om Jesus Kristus som verda si Frelsar til alle menneske, utan omsyn til dei motiva folk har for å søkje seg til kyrkja sine tenester. Bispedøma, prostia og sokna (= kyrkjelydane) er geografiske einingar som dekkjer heile landet. Alle innbyggjarane i Norge bur dimed i eit av Den norske kyrkja sine sokn.

Den norske kyrkja er ei open folkekyrkje som vender seg mot heile befolkninga: Også utmelde og andre som ikkje er medlemer i Den norske kyrkja, er velkomen til kyrkja sine gudstjeneste og andre arrangement.

Som kyrkjemedlem er du del den verdsvide kristne kyrkja. Saman arbeider kyrkjene for ei betre verd for oss og for kommande generasjonar. Fundamentet er bodskapen til Jesus Kristus om kjærleik til medmenneska. Kyrkja formidlar håp og gir støtte til den som er ramma av sorg og smerte. Kyrkja gir hjelp til å uttrykke den gleda ein kjenner over å ha fått barn eller funne ein partnar. Kyrkja samarbeidar med andre gode krefter om å bygge eit godt samfunn.

1. januar 2016 var 73 % av befolkninga medlem av Den norske kyrkja. Medlemer over 15 år har røysterett ved val i kyrkja.

Medlemer gjev ulike grunnar for medlemskapen sin. For nokon tel respekten for kristen tradisjon og kultur sterkast, medan det for andre bunner i eit djupt personleg engasjement. Kyrkja ber aldri om grunngjeving for kyrkjemedlemskap hos den einskilde.

Opplysningar om medlemskap i trus- og livssynssamfunn kan ein få ved å ta kontakt med Brønnøysundregistra på telefon 75 00 75 00.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"