- Ei tid for å sjå det som ikkje er bra

Å droppe eller redusere bruken av Facebook og Twitter kan vere ein fin måte å markere fastetida på. - Det kan vere sunt for ein periode å gi slepp på noko, for å kunne sjå noko større, meiner ungdomsprest Marte Hovda Ottesen.

Askeonsdag er starten på årets fastetid. Fastetida varer i 40 dagar frå askeonsdag til og med påskeaften. I tidlegare tider var det å faste å avstå frå mat og drikke, men i vår tid er fasten fyrst og fremst ei tid for stilla og meditasjon. 

I dag er dette kanskje meir aktuelt enn nokonsinne. Med alle inntrykka frå sosiale media, kan det kanskje vere på plass å nytte fasten til å sjå opp frå mobiltelefonen. Det meiner i alle fall ungdomsprest i Førde, Marte Hovda Ottesen.

- Sosiale media er noko som kan stele mykje av tida vår i det daglege. Eg trur det er ein av grunnane til at ein del kuttar Facebook og andre sosiale media i fastetida. Så er det også litt godt å sleppe all reklamen som ein får opp, og det kan vere godt for ein periode å sleppe å sjå det andre publiserer som kan få oss til å kjenne at vi ikkje strekk til, seier Hovda Ottesen til kyrkja.no.

Skal lese meir i bibelen

Men sosiale media er ikkje berre støy i fastetida.

- Facebook og sosiale media kan vere ein stad kor ein kan få mykje igjen, både nyhende, gode diskusjonar og kontakt med venner og kjende. Eg kjem ikkje til å kutte Facebook i fastetida, men skal prøve å redusere bruken litt.

- Kva skal du elles gjere i fastetida?

- Eg har tenkt å prøve å stoppe litt opp, roe litt ned og tenke over mine eigne prioriteringar. Dette for å få meir tid til Gud og medmenneske. Heilt konkret har eg tenkt å setje av tid til å lese meir i bibelen. Eg skal prøve å kome meg igjennom breva i fastetida. I tillegg er Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon ein viktig måte å markere tida på, med eit blikk utover, seier ho.

Fleire måter å markere fastetida på

Ungdomspresten i Førde har også fleire gode tips til korleis ein kan nytte tida i fastetida til å ta eit steg tilbake og puste litt ut.

- Eg tenker at fasten har dette perpektivet kor vi kan sjå inn i oss sjølve, sjå på kor vi har fokus og søke stilla. Det kan vere sunt for ein periode å prøve å gje slepp på noko, for å kunne sjå noko større. Ein del kuttar kjøt i fastetida, andre godteri og søtsaker. Nokon køyrer kollektivt i staden for eigen bil, andre let vere å shoppe. Men poenget med faste er ikkje sjølvpining. Utover-perspektivet er viktig. Ei tid for å våge å sjå det som ikkje er bra. Sjå i solidaritet og handle i solidaritet. Her er fasteaksjonen viktig å kunne bruke. I år fell også 8. mars på tredje søndag i fastetida, ei god sjanse til å kunne fokusere på solidartiet og markere den internasjonale kvinnedagen i kyrkjene!

(Artikkelen held fram under biletet)

Marte Hovda Ottesen utkledd som Pippi-prest under karnevalsgudstenesta i Førde kyrkje. Foto: Lars Håberg

Marte Hovda Ottesen utkledd som Pippi-prest under karnevalsgudstenesta i Førde kyrkje. Foto: Lars Håberg

Merksemd rundt karnevalsgudsteneste

Sjølv har Hovda Ottesen forsøkt å gjere litt utradisjonelle ting i forkant av fasten, noko som har fått merksemd i NRK Sogn og Fjordane. Utkledd som Pippi Langstrømpe heldt ho ei karnevalsgudsteneste.

- Det er første gong vi arrangerte karnevalsgudsteneste i Førde kyrkje i år. Vi ynskte å markere inngangen til fastetida med ein fest for små og store. Karnevalet snur oppned på rollene og normene i samfunnet, noko som samsvarer med Jesus og kyrkja sitt vesen. Vi synkte å arrangere ei gudsteneste kor vi sette gleda og barna i sentrum, og vi ynskte å kunne le og danse saman i gudstenesta, seier ho.

Kontaktinformasjon for Holmen kirke

Adresse til Holmen kirke og kontor er Nesbruveien 55,

1396 Billingstad.

Telefon: 66 85 50 30

Org.nr. 971522437

Åpent kl. 9.00-15.00 mandag til torsdag, fredag til kl.14.00.