Brevet er frå slutten av 1980-talet. Far hadde slik ei nydeleg handskrift, så var han då også høgskulærar i skriftforming og anna forming som sløyd og teikning. Far skriv om juletreet:
Vi må ofte bruke symbol fordi ikkje kan uttrykke forestillingar på andre måtar. Det er så mange ting i tilværet som ligg utanfor vår fatteevne, men symbola kan kaste lys over visse sider ved dei, slik at vi kan halda dei fast i vårt sinn og vår tanke.
Han fortsette: At julepynten inneheld meir enn dekor, er ukjent for mange. Eg har brukt å dele dei inn 4. grupper:
1) Dei som viser veg: Stjerne, lys og glitter.
Lys og lykomposisjonar symboliserar at ”Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda.” (Joh 1,9) Liksom sola ved solsnu auka i glans og styrke slik skulle Kristus som rettferdssola sigerrik gå fram.
Stjerna er også eit slikt ljos. Jakob Sande sin julesong understrekar vel på ein særeigen måte ikkje berre tilskodar aspektet, men opplevingsaspektet: ”Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld, og tusene barnehender mot himmelen ljosa held”. – .
- Til å peike mot himmelvegen har vi også spiret. På mitt barndoms juletre var det alltid spiret som stod på toppen av treet.
2) Sendebodsgruppa: Klokkene, trompetane, fuglande, englane. Desse er symbol for dei som skal gå med den glade bodskapen. Klokka forkynner evangelietonen. ”Kling no klokka! Ring og lokka,..”
3) Gåvegruppa: Korgene. Korger i ymse former peikar på ”alle gode gåvers givar”, og dei har hjarteform: gleda ved å få og gi.
4) Gruppa for det universelle: det medmenneskelege og samhaldet: Kula, ringane, lekkjene. Menneskeætta er ei, - difor kulesymbolet og lekkjene som tyder einskap og søskenkjede. Lekkjene kan vere sett saman av andre symbol, som alle nasjonars flagg.
Far rundar av med sjølve treet:
”Alle desse einskildsymbola og truleg fleire til, er knytt saman i ein stor komposisjon i juletreet. – Det grøne treet er planta, krossfoten eller trekantfoten med vasskjelda – er symbolet på livstreet. Alle einskildsymbol som vi har nemnt kan ein finne som frukter på dette treet. ”
I 1822 kom juletreet til landet vårt. Først i overklassen i Christiania, men ikkje mange år tok storbønder, prester og anna ”fint folk” etter. Skeptikarane meinte at treet tok merksemda bort frå den eigentlege julebodskapen. I dag vil vi nok seie at treet er kome for å bli! Og når far min fortel om alt det vi kan få møte gjennom juletreet, erfarer eg at bodskapen også verkeleg faldar seg ut.