Velkomen heim!
Dette året kom Bibelselskapet si oppdaterte omsetjing av bibeltekstane ut som Bibel 2024. Det er gjort nokre justeringar og endringar i språket for at det skal vera levande og nært det som er vårt språk i dag. Det vart ikkje gjort like mange oppdateringar som i 2011, mellom anna er orda om at «…ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei» (Lukas 2, 7) dei same som før. Kva husrom er det snakk om at det manglar når Gud kjem til jorda?
Les mer