Årsmelding for kyrkja i Aurland 2020

Godkjend av Aurland kyrkjestyre 17. februar 2021

Årsmelding for kyrkja i Aurland 2020

Råd og Utval

Aurland kyrkjestyre:

Aurland kyrkjestyre hadde i 2020  5 møter og handsama 23 saker.

Rådsstruktur

Prøveordninga med forenkla rådsstruktur er innvilga forlenga til å gjelde til 01. november 2023. Sokneutvala i kvart av dei 4 sokna består av alle som stod på lista til valet.

Medlemmar i kyrkjestyret 2020:

Frå Vangen sokn:

Faste: Sigrid Sønnerheim Tønnessen (nestleiar)og Sissel Aadnøy Aalen          Vara: Sølvi Karlsen Høydal og Irene Borlaug Stegen

Frå Flåm sokn:

Faste: Gerd Stave og Inger Lise  Skjerlie                                                Vara: Jorunn Heggdal og Anne Sønni Flæthe

Frå Undredal sokn:

Faste: Leif Inge Underdal (leiar) og Gunhild Strand Borlaug                          Vara: Trude Ragnhild Høiby og Inger Oline Øy

Frå Nærøy sokn:

Faste: Svein Tufte og Ådne Ingvald  Skiftun                                              Vara: Norun Anny Larsen og Per Ramsøy 

Kommunal representant:

Fast: Trygve Skjerdal                                                                              Vara: David Underdal

Geistleg representant:

Fung. sokneprest John Ove Thaule

Vara:  Prost  Geir Paulsen

Sekretær for kyrkjestyret: Kyrkjeverje Monica Finden

Det er ein fin balanse mellom kvinner og menn blant dei faste medlemmane i kyrkjestyret, men blant vara er det utelukkande kvinner.

Sokneutvala:

Sokneutvala har hatt nokre møter i 2020 der dei har gått gjennom aktuelle saker for si kyrkje, sett opp kyrkjevertar til gudstenestene m.v.. Medlemmane i sokneutvala har alle stader stilt velvillig opp i samband med kyrkjekaffi og som kyrkjevertar, men dette har det vore mykje mindre av i 2020 enn vanleg pga korona/Covid-19.

Tilsette

Staben under kyrkjestyret:

Gidske Therese Stark vart tilsett som trusopplærar frå 03.02.2020 men slutta att 03.07.2020 då ho flytta til Bergen att. I den tida ho var tilsett, var det nesten ikkje trusopplæringsarbeid pga korona. Elles har me vore utan trusopplærar sidan mai 2018. Øvrige tilsette har vore stabile i jobben. Stanislav er her som vanleg berre halve året. Det har vore so godt som ingenting sjukefråvær bortsett frå 1 gong med 14-dagarssjukemelding for kyrkjeverja.

Inger Marie Holm Hjellum har vore kyrkjetenar i Vangen og Flåm kyrkje i tillegg til sekretær med tilsaman 30 % stilling frå 31.07.14 og fekk utvida med reinhald i 2016 og kyrkjetenar i Undredal i april 2019, slik at ho no har til saman 48% stilling. Monica Finden har vore kyrkjeverje sidan 01.01.08 i 80 % stilling, men auka opp til fast 100 % frå 18.08.14 då sekretærstillinga vart redusert med 30%. Liv Marit Tufte har vore kyrkjetenar på Bakka i 7 % stilling sidan pinsen i 1996. I tillegg har Trude Høiby vore tilsynshavarar i Undredal kyrkje sidan 22.10.18, men vart avløyst av Tormod Underdal frå september 2020.

Stanislav Leontev har vore fast organist sidan 08.08.08 i 80 % stilling i månadane frå og med mars til og med mai, og frå oktober til og med desember. I hans fråver har me vore heldige å fått Sverre Martin Volle og Ellen Marie Selland Geithung til å vikariere i dei fleste gudstenester, gravferder og vigslar.

Anders Aasen har velvillig stilt opp på andakter/sangstunder på helsetunet både med og utan presten og Stanislav.

Prestetenesta:

Det har ikkje vorte tilsett ny sokneprest etter at Johannes Noord slutta september 2019. Stillinga har vore utlyst 2 gonger utan at det har gitt resultat. John Ove Thaule vore tilsett som fungerande sokneprest og Ådne Skiftun har vore tilsett som fast vikar i heile 2020. Geir Paulsen har vore prost i Sogn prosti i 2020.

 

Forvaltninga

Økonomi og investeringar:

Den kommunale overføringa for 2020 var kr. 2.732.000 til drift. Det var ikkje løyvd noko til investering.

Rekneskapen viser eit mindreforbruk på kr. 285.678,67.

Generelt kan ein sei at reduserte aktivitetar pga. korona påverkar heile rekneskapen både på løpande utgifter og det at noko vedlikehald ikkje er teke pga. reduserte reisemoglegheiter. Reduserte aktivitetar har óg gitt store utslag på takkoffer, men det påverkar ikkje eigen økonomi anna enn på det som er offer til eiga verksemd. Dette utgjorde i 2019 ca. 20.000 og ca. 5.000 i 2020. Stengde kyrkjer har medført at me ikkje har hatt noko i innsamla midlar til eiga verksemd gjennom kyrkjebøssene. I 2019 utgjorde dette ca. 50.000 og 0 i 2020.

Ein del av det som har ført til mindreforbruk i 2020 vil gi større utgifter i 2021 då det er ein del tiltak, spesielt innafor trusopplæringa, som me treng «å ta att». Men kva me klarar å ta av aktivitetar vert avhengig av korleis koronarestriksjonane vert framover.

Dei største differansane i forhold til budsjett er:

På kyrkjeleg administrasjon (funk 4100) går funksjonen samla sett med ca 28.000 i mindreforbruk. Her er avvik i hovudsak knytt til lønsutgifter. Dette skuldast delvis at lønsoppgjeret ikkje kom i mål pga streik innafor enkelte grupper under KA. Dette vil gi motsatt utslag på 2021 for det som går på etterbetaling etter lønsoppgjeret. 

kyrkjer felles (funk 4200) er det samla sett ca. 28.000 i mindreforbruk. Differansen er óg her i hovudsak knytt til lønskostnader.

Vangen kyrkje (funk 4210) er det samla sett ca. 13.000 i mindreforbruk. Det skuldast i hovudsak vedlikeholdstiltak som ikkje er gjennomført, men me har óg budsjettert med kr. 20.000 i innsamling til eigar verksemd utan at me har fått inn noko i kyrkjebøssa. Men her har me óg dekka kostnaden til tilstandsrapport frå disp.fondet med kr. 35.252.

For Flåm kyrkje (funk 4220) er det samla sett ca. 13.000 i avvik. Dette skuldast i hovudsak mindre straumforbruk, mindre vedlikehold og at me ikkje har fått inn noko i kyrkjebøssa der det var budsjettert med kr. 25.000.

For Undredal kyrkje (funk 4230) er det samla sett ca. 20.000 i meirforbruk. Her er det brukt mindre i straum og mindre i vedlikehald, men me me har mista leigeinntektene pga stengd kyrkje og inntekt ved utanbygds vigsel. Kostnad til alarmanlegg/kameraovervaking er i si heilheit dekka av Riksantikvaren.

For Bakka kyrkje (funk 4240) er samla sett nokolunde i balanse, men det er brukt ca. 16.000 mindre i straum og ca. 12.000 meir på vedlikehald.

For kyrkjegardar felles (funk 4300) er det samla sett ca. 100.000 i mindreforbruk. Dette skuldast nesten 40.000 mindre i vannavgift, 25.000 mindre på driftsavtale og ca. 26.000 mindre på graving av graver. Her er alt som vedrører kyrkjegardane ført samla.

For trusopplæringa (funk 4410-4415+4440) er det samla brukt ca. 188.000 mindre enn budsjettert. Ca. kr. 92.000 er pga mindre lønsrelaterte kostnader då me har hatt trusopplærar berre 5 månader, samt at det har vore gjennomført få trusopplæringsaktivitetar utanom konfirmantarbeid. Bl.a. har me ikkje delteke på sommarleir eller vinterfestival for konfirmantar. Det er heller ikkje gjennomført frivilligfest. Me har óg hatt ca. 15.000 mindre i takkoffer til trusopplæringa.  

For Smevang (funk 4450) er det brukt ca 13.000 mindre enn budsjettert. Dette skuldast mindre kostnader til vedlikehold enn det var budsjettert med.

Sjå ellers fullstendig rekneskap og oversikt over gåvefonda.

Kyrkjegardsforvaltninga:

Skjerdal Landskapspleie utfører alt av vedlikehald og graving på kyrkjegardane i Aurland kommune. Dei har utført jobben på ein god måte og samarbeidet har vore godt. Me får mange gode tilbakemeldingar frå innbyggjarane på arbeidet dei utfører. Avtalen med Skjerdal Landskapspleie gjekk ut 31.12.20, men i runde med innhenting av pris hausten 2020, fekk dei ny avtale for 2021/2022.

Etter 2 «toppår» i 2017/2018 med gravferder langt over gjennomsnittet, var det i 2019 nokolunde gjennomsnittleg og i 2020 enda me på 16 gravferder og 1 bisetjing. Me hadde óg 3 urnenedsetjingar for personar som ikkje var busette i kommunen. Smittevernreglar i samband med korona har gjort at det har vore begrensa tal personar i gravferdene (stort sett krav om maks 50), samt avstandskrav på 1 meter mellom kohortar, og 2 meter i desember når det var allsong/salmesong. Det er rikeleg med ledige graver i kommunen.

Nokre av trea på Vangen kyrkjegard vart betydleg beskorne i 2020.

Det vart ikkje gjennomført dugnader på kyrkjegardane i vår pga korona då me rekna med at me kunne ta det att på hausten. Slik vart det diverre ikkje.

Kyrkjegardsregisteret ligg ute på nettsida, slik at alle som ynskjer det, kan finne fram til gravplassar i kommunen. Det ligg óg link til «Slekt og data» der ein kan finne bilete av gravminne.

Vedtektene for kyrkjegardane vart sist revidert i 2014.

Det aller meste av gravminne er fotografert i 2014-2016 og sende til DIS-Norge. Dei har lagt dette ut på nettet, og ligg ope for alle til å søke på.

Kyrkjebygga:

Kyrkjebygga våre er generelt i god stand.

Vangen kyrkje

(1202, freda) har sprekkdannelsar som me fekk «Mur og mer» til å gå gjennom hausten 2020. Rapporten vil gi grunnlag for innhenting av pris på utbetringsarbeidet, og ein er klar til å ta reparasjonane i 2021 når kommunen no har sett av kr. 400.000 i 2021 i økonomiplanen.

Flåm kyrkje

(1670, verna) hadde eit stort vedlikehold saman med reparasjonane etter flaumen i 2014. Då vart ho bl.a. heva ca. 35 cm., og arbeidet var ferdig i 2016. Taket bør vurderast utbetra.

Undredal kyrkje

(1147, freda stavkyrkje) vart sett i stand gjennom Stavkyrkjeprogrammet. Då vart ho bl.a. heva ca. 30 cm.. Det vart brukt vel 5 mill. og arbeidet var ferdig 2014. Heile rapporten kan lesast på https://ra.brage.unit.no/ra-xmlui/handle/11250/2421086. I 2020 vart det sett i gang eit arbeid med videoovervaking av kyrkja. Dette arbeidet vert dekka av midlar frå Riksantikvaren. Arbeidet vert fullført i 2021.

Bakka kyrkje

(1859, listeført) vart i 2019 måla i våpenhuset og i 2014 vart ho måla utvendig og skifta noko kledning. Her bør ein vurdere å måle taket i skipet då det flassar ein del.

 

Aktivitetar:

I 2020 har det vore sterkt redusert med aktivitetar pga. koronaen som slo inn over landet i mars. Det har ikkje vore særleg mange aktivitetar utover gudstenester, gravferder og nokre eigne dåpsseremoniar. Dette skuldast bl.a. at det i samband med smittevern har vore strenge retningslinjer på kor mange me kan ha i kyrkjene, avstandskrav på 1-2 meter osv..

I 2020 var det 35 gudstenester totalt i kommunen, mot 51 i 2019, med til saman 1.160 (2.279 i 2019) deltakarar. Nokre av gudstenestene er reine dåpsgudstenester pga koronabegrensingane i tal deltakarar. Tal deltakarar har naturleg nok gått kraftig ned i forhold til 2019 både totalt og pr. gudsteneste. Dette skuldast både begrensingar i tal deltakarar og gjennomføring av gudstenester. I tillegg har me lagt ut noko digitalt på Facebooksida vår. I størstedelen av 2020 har me vore pålagt å føre namnelister, og det har krevd 1 ekstra person på jobb eller at kyrkjevertane har skrive lister. Me håpar at gudstenestelivet snart kan gå tilbake til «normalen» slik at ein kan holde på planlagde gudstenester og at alle som ynskjer det, kan komme i gudsteneste.

Det var 12 (17) barnedåpar (8 av dei busette i andre kommunar, medan 1 av «våre» er døypt anna stad), 16 (15) konfirmantar, 4 (4) vigslar og 16 (18) gravferder i Aurland i 2020. (Tala for 2019 i parantes.) Sjå elles vedlagde statistikk.

Anders Aasen, samt presten og/eller organisten har hatt jamnlege andakter og musikksamlingar på Aurland Helsetun. I tillegg hadde me ein periode der me hadde digital overføringa av andakter frå kyrkjekontoret til helsetunet.

Avtalen med Skreddersydde Opplevelser AS om drifting av guidetilbodet i Undredal kyrkje vart sagt opp frå deira side ved utgang av sesongen for 2020. Her vert det jobba med ei ny løysing.

74,4% (1.312) av innbyggjarane i Aurland er medlemmar i Dnk. Dette er ein nedgang i forhold til ein del år tilbake, men har si naturlege forklaring i at ein del personar har flytta hit frå andre land dei siste åra. Bl.a. er det ca 70 personar berre frå Polen og Lituen (tal frå 2018).

Nye steg – trusopplæringa

Frå 01.01.2018 var samarbeidet om trusopplæring med Lærdal avslutta.

I 2020 har me nesten ikkje hatt aktivitetar i trusopplæringa pga. korona. Både påskesamlingar, sommarleiren på Nesholmen, Tårnagent, Lys Vaken, juniorkonfirmantar (5.kl.), filmsamling for 5-åringar og julevandring for 1. og 2. klasse har vore avlyst. Når ting «normaliserar» seg, so bør me prøve å få til samlingar med aktuelle årsklassar slik at ikkje mange går glipp av desse aktivitetane. Mykje kan gjerast første halvår 2021 dersom smittevernreglane ligg til rette for det. Det har heller ikkje vore frivilligfest i 2020.

På skulestartsgudsteneste 23. august var det 5 spente 1.klassingar som deltok. Dei gjekk, saman med presten, på raud løpar inn i gudstenesta og dei fekk utdelt 6-årsboka.

Me har ikkje gjennomført Vandring Gjennom Bibelen i 2020 (eit tilbod til 5. klasse på skulen i skuletida), då det berre er godkjende personar med gjennomført kurs som kan undervise i dette, og me har ikkje leigd inn nokon dette året. Når me evnt. får tilsett trusopplærar, so er dette noko me bør gi opplæring i og få gjenomføre.

Kor Blå (barnekoret vårt) var ikkje i aktivitet i 2020.

Det er sendt ut dåpshelsingar til alle døypte til 1-, 2-, 3- og 5-års dåpsdag. Dei får då tilsendt CD eller bok, alt etter alder. Inger Marie har ansvar for dette tiltaket. I tillegg er det delt ut 4-årsbok og 6-årsbok i gudstenester, og 6-åringane var inviterte til laurdagssamling.

Ungdomsprest i Sogn, Andreas Danbolt, hadde ansvar for konfirmantane på våren 2020. Deira konfirmasjonar vart pga. koronaen utsett frå mai til oktober. I konfirmasjonsgudstenestene måtte det vere 1 meter avstand mellom dei som elles ikkje bur saman. Dette gjorde at kvar konfirmant måtte velje kven som skulle få vere med i kyrkja, og dei kunne ha med seg 10-15 gjester kvar. I tillegg streama me alle konfirmasjongsgudstenestene slik at dei konfirmasjonsgjestene som ikkje kunne vere i kyrkje pga. antalsbegrensing, kunne sjå direktesending der dei var.  Konfirmantane var på Vinterfestival på Voss i februar, eit stort arrangement i regi av KFUK/KFUM. Elles har dei hatt vanlege konfirmantsamlingar delvis i Smevang og delvis i kyrkja. Det er Gunnar Eldevik, sokneprest i Lærdal, har ansvar for konfirmantkullet 2020/2021. Me har som mål at alle våre konfirmantar skal ha vore med som medhjelparar i alle våre kyrkjer i løpet av si konfirmanttid. Dette har fungert bra, og me trur at det er positivt for dei å kjenne til alle dei 4 flotte kyrkjene våre. Resultatet er óg at mange foreldre og syskjen får sjå alle kyrkjene våre.

I år har det vore færre arrangement å legge ut bilete frå på Facebook-sida vår, men det har vore desto viktigare å raskt få ut informasjon om endringar som har vore i samband med koronarestriksjonar. Oppfordrar alle som er på FB til å like sida vår «Kyrkja i Aurland». I tillegg har me no laga vår eiga nettside på kyrkja.no/aurland. Det er Inger Marie som i hovudsak har jobba med denne, og der vil det ligge både generell informasjon og informasjon om enkeltaktivitetar.

I 2020 mottok me kr. 127.788 i støtte frå kyrkjerådet/bispedømet til trusopplæringa, og det er motteke kr. 13.819 frå KFUK/KFUM i frifondsmidlar. Frifondsmidlane betingar at konfirmantane vert melde inn i KFUK/KFUM.

2020 har vore eit spesielt år på alle måtar. Det har generelt vore færre aktivitetar, men dei aktivitetane me har hatt, har krevd ein del meir førebuing for å ivareta alle smittevernreglar. Det har óg vore vanskeleg å planlegge for ting fram i tid då smittevernreglane har variert ut frå smittetrykket i landet. Aurland kommune har heile tida fulgt dei nasjonale smittevernreglane, og har ikkje hatt eigen innstrammingar. Me må likevel sei at me har vore heldige i Aurland som ikkje har hatt smitte blant våre innbyggjarar, og det har trass alt lege som ein tryggleik når me har planlagt det me har hatt. Og so håpar me at alt vert betre i 2021.

Vedlegg:

  1. Detaljert rekneskap for 2020
  2. Årsstatistikk for Den Norske Kyrkja 2020

 

Aurland 17. februar 2021

________________________                                                       ______________________

      Leif Inge Underdal                                                                                  Monica Finden

          Leiar                                                                                                             kyrkjeverje 

 

OBS! Reknskap og statistikk for 2020 er ikkje vedlagt men er i stor grad referert i årsmeldinga. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"