I dag har me feira gudsteneste i Bakka kyrkje.
Det vart ei flott gudsteneste med nattverd, og påfølgjande kyrkjekaffi.
Ådne Skiftun var med som tekstlesar. Det var og Torben Hjul Andersen som til vanleg arbeider som domprost i Danmark, men som i dag var på ferie i Gudvangen og deltok i gudstenesta med tekstlesing og var med å dela ut nattverd. Organist Sverre Martin Volle spelte flott musikk for oss.
På bilete, frå venstre: Ådne Skiftun, Sverre Martin Volle, Nora Baartvedt og Torben Hjul Andersen.