Me har hatt 3 samlingar med juniorkonfirmantar i februar. Her var 5 og 6 klassingane inviterte. Me var ein fin liten gjeng som samlast tirsdager etter skulen. Me spiste eit varmt måltid ilag og så hadde me ei bibeløkt der me las tekstar og snakka om tema som det å bry seg om andre, ta vare på kvarandre og eige sjølvkjensle at me er gode nok sånn som me er. Etter kvar bibeløkt laga me noko fint til tema, me laga blant anna koppar der borna fekk skrive på fine ord til kvarandre. Kvar samling blei avslutta med at me gjekk bort i kyrkja og tente lys.
Trusopplærar Elin Mobogo-Svensson