Dei siste endringane på koronarestriksjonane seier at ein i kyrkja skal ha 1 m. avstand mellom kohortane, 2 m. avstand om det er allsong/salmesong.
Alle får faste, tilviste plassar. Dette gjeld både gudstenester, gravferder, konsertar og andre aktivitetar. Det vil difor variere kor mange det er plass til i alle kyrkjene våre då det er avhengig av kor store kohortane er.
Inne er likevel begrensa til 100 personar, men kyrkjene våre er for små til å ha plass til so mange med avstandskravet.
Ute på kyrkjegarden er det nok med 1 m. sjølv om det er allsong.
Me fører framleis namnelister over deltakarar.